Flott på Mekknøken (14.07.2021)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 00min
Distance 7.0km
Vertical meters 611m
GPS
Ascents Mekknøken (751m) 14.07.2021

Køyrde frå Kristiansund til Averøya, runda Kvernnes, og tok av mot høgre ved Mekgrenda. Parkerte i ei lomme der turen var skilta. Først grusveg, så klopper over nokre myrete strekk, då bratt opp langs ein nydeleg bekk med fine stryk og kulpar. Kryssa bekken, deretter opp stig i bratte lyngbakkar. Då vi kom «opp», var vi på eit platå som var fint og glatt å gå på før det blei bratt igjen opp til sjølve toppunktet. Vakker grasbanen mot vest, veldig luftig og råbratt mot aust. Vi møtte fleire andre på toppen i den tida vi sat der. Ettersom skylaget letta, blei fotomotiver finare og finare. Fjorden som ein spegill, tynne belter av skyer under toppane rundt oss. Passe varmt, ikkje vind, og vi slapp insekta denne dagen. Ca 7 km, ca 3 timar brutto, 611 hm. Tom, Anne og Eirik var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.