Trollvasstinden og Bytingstinden (30.06.2021)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Bytingstinden (1,260m) | 30.06.2021 15:00 |
---|---|---|
Trollvasstinden (1,285m) | 30.06.2021 15:45 | |
Visits of other PBEs | Laurdalsvegen p-lomme (320m) | 30.06.2021 12:04 |
Fantastisk flott tur i Volda!
Vi ynskja ein ikkje altfor lang og tung tur denne dagen, og valet fall på Trollvasstinden. Vi drog frå hotellet i Nordfjordeid etter frukost. Vi køyrde opp bomvegen frå Bjørkedalen, inn Laurdalen, og parkerte i vegkanten der det var markert at eit råk skulle gå oppover.
Dette råket såg vi ikkje mykje til oppover, men det var likevel greitt å gå oppover skogen. Oppe i Tuvedalen, på om lag 700moh, vart det eit veldig flott turterreng og denne dalen var flott å gå innover. Det var kolossalt varmt, og det var godt å kjøle seg ned litt med vatnet frå Tverrelva innover.
Nedunder Bytingstinden følgde vi det innteikna råket mot Trollvasstinden. Det var fint å gå der, men med unntak av eit par vardar var det ikkje mykje råk å sjå. Frå salen mellom toppane var det ein fin rygg opp til Trollvasstinden, og flott sku nedover snøfonna mot dalen. Flott utsikt frå Trollvasstinden.

Attende gjekk vi via Bytingstinden. Vi gjekk ryggen/eggen til å byrje med, men gjekk i sida opp mot toppen. Like flott utsikt her oppe som på Trollvasstinden.
Nedover fekk vi ein fin snørenne på om lag 100høgdemeter, og eit forfriskande bad i ein liten kulp.
User comments