Marigrønuten Seljord 100 m pf (03.07.2021)
Written by bakken59
Ascents | Marigrønutan (1,248m) | 03.07.2021 |
---|
Må seie det med ein gong, dette var ein maksimal tur og heilt etter mitt hjarte. Tom og eg høyrde så langt vegen er open inn Heiåvegen til Slettevad. Derifrå gjekk vi vegen til Krakkset, vassa over elva, og følgde stigen til høgre for elva inn til brua. Vi gjekk over brua over nydelege gamle stølsområder og på tørr fin stig. Heldt vest for Kråketønn og Svatjønn og stoppa ved den flotte gamle stølen Svain. Tom fekk på seg gnagsårplaster og vi drakk litt. Så heldt vi fram på stigen svakt oppover til Steinstaulen, og derifrå bratt oppover mot Marigrønutan, eller som det står på eit lokalkart eg har, Marjitgrønutan. Det høyrest vel så truleg ut, gitt lokal personnamntradisjon. Vi prøvde å halde stigen som går på tvers av den vestre toppen, men den forsvann litt innimellom. Ingen stor krise, vi runda den første toppen (1200), og gjekk i retning av den andre (1225) før vi skar tvers over dalen og gjekk rett opp til høgaste toppen (1248). Nydeleg tørt toppunkt med fleire teltplassar og suveren utsikt til toppar eg kjenner godt, men sett frå ein litt annan vinkel. Brattefjell frå aust, Robekknuten frå søraust, Vindeggen og Gaustatoppen mykje nærare enn eg er vand med å sjå dei, Valanuten frå nord, og elles alt det vande, Skorve, Rust, Vehuskjerringa. Gryvla, Føljomsnuten og Gunnarstaulnuten er litt nyare bekjentskapar, og dei så eg også frå ny vinkel, frå nordaust. Vi rasta litt på toppen, og bestemte oss så for å gå rett sør frå eggen og ned til næraste hytte eller støl, Robekk-Svain. Derifrå gjekk det stig til Nystaul - med flott gamalt fjos, og så vidare stig ned langs Raudåi. Litt før elvemøtet var er det ein utruleg artig foss og kulp, der eg bada. Deilig vatn! Vi hadde sett nokre ryper på turen, men sjølv om Brattefjell-Vindeggen er landskapsvernområde med reinsdyrstamme, hadde vi heller ikkje denne gongen sett reinsdyr. Fann rett nok eit felt gevir! Men etter at vi hadde kryssa elva tilbake til vegen og var nesten framme ved bilen, møtte vi faktisk eit reinsdyr nede på stølen. Det såg veldig skabbete ut, men det var vel i ferd med å skifte pels for sommaren. Temperaturen var heilt ideell, på plussida av 20, lett bris som heldt insekta unna, vakkert ettermiddagslys. 17,5 km, 630 hm, 5 timar og 49 brutto, 4 timar og 21 gåtid. Tom var med.
Benutzerkommentare