Glitteregga (29.06.2021)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Glitteregga (1,297m) | 29.06.2021 14:54 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Randastøylen p-plass (482m) | 29.06.2021 13:07 |
Vi vakna til overskya vêr, og litt regn. Vêrvarslet viste at det kanskje skulle betre seg, men at det ikkje var heilt sikkert. Vi drog i retning Glitteregga, og håpa på det beste. Litt betring vart det. Det kom litt sol undervegs, og det var varmt å gå. Ikkje noko regn undervegs, men diverre var det overskya, og inga utsikt på toppen. Men ein ganske fin tur likevel.
Frå Randastøylen følgde vi det gode råket oppover Fagredalen. Etter råkdelet på om lag 760moh vart råket litt dårlegare, men framleis veldig greitt å følgje. Etter å ha passert 900moh tok vi av frå råket og gjekk i terrenget opp til toppen. Veldig kurant og greitt terreng opp.
Etter turen drog vi til Nordfjord Hotell i Nordfjordeid. Der var det godt å bade i badebassenget og ta boblebad, før vi fekk ein ganske god middag på hotellet.
User comments