Førde fullført (26.06.2021)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Ascents | Olahans-fjellet (1,162m) | 26.06.2021 |
---|---|---|
Olahansfjellet (1,216m) | 26.06.2021 | |
Tverrfjellet (1,415m) | 26.06.2021 |
Endeleg skulle eg få fullføre lista over toppar i gamle Førde kommune. Vi parkerte ved toppturparkeringa ved Myklebustdalen og gjekk opp mot merka løype til Olahansen. På veg opp dit var det plagsomt mykje fluger og oppe ved Varden på Olahansen, var det ikkje til å halde ut, så vi knipsa kjap eit par bilder og satsa på at vinden gjorde det litt meir ugjestmildt vidare for flugene. Og det var ganske så rett. Etter at vi fortsatte vidare mot Olahansfjellet, var det knapt ei fluge å sjå. Og derfra var turen noko lettare. Var nok litt mykje skodde til å få noko panoramautsikt, men det letta etter kvart. Og vi fann ut at dette var det beste turværet. Ikkje for varmt, sjølv om vi skulle gjerne sett litt meir utsikt.
User comments