Varmekroheia og Kjerag (16.05.2021)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Stølsdalen (880m)
Endpoint Stølsdalen (880m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 8h 00min
Map
Ascents Akslaråheia (1,139m) 16.05.2021
Høgaste punkt på Kjerag (1,132m) 16.05.2021
Kjerag vest (1,110m) 16.05.2021
Nesatindane (1,000m) 16.05.2021
Nesatindane Nord (984m) 16.05.2021
Varmekroheia (1,164m) 16.05.2021
Varmekroheia aust (1,139m) 16.05.2021
Varmekroheia sørvest (1,141m) 16.05.2021
Øygardsnuten (820m) 16.05.2021
Visits of other PBEs Kjerag nødbu (870m) 16.05.2021
Kjeragbolten (990m) 16.05.2021

Den vinterstengte Lysevegen åpna 12. mai, og det var litt mindre snø enn vanlig. Anleggsvegen frå Stølsdalen mot Langavatn var ikkje brøyta, men greit å parkere litt ovanfor hovedvegen. Gjekk over Varmekroheia og toppane oppå det vide Kjeragplatået før eg rant ned til Kjeragbolten. Lite snø i området der. Fottursesongen til Kjerag var i gang, og såg fleire så var på retur då eg var i omrdådet rundt Kjeragbolten tidlig på kvelden. 12 år sidan sist eg var på Kjerag, og første gong som vårskitur. Fulgte nokonlunde sommerstien tilbake til Øygardstølen. Nesten samanhengande skiføre dei første to km tilbake, men måtte som venta bære skia resten, og gå opp igjen dei bratte bakkane i Stølsdalen.

Stølsdalen mot Langavatn.
Stølsdalen mot Langavatn.
På Varmekroheias austre platå med utsikt sørover mot Tjodanvatn i bakgrunnen.
På Varmekroheias austre platå med utsikt sørover mot Tjodanvatn i bakgrunnen.
På toppen av Varmekroheia 1139.
På toppen av Varmekroheia 1139.
Innstallasjoner på denne toppen.
Innstallasjoner på denne toppen.
På Varmekroheia 1164 med trigpunkt/ jernbolt. Utsikt vestover.
På Varmekroheia 1164 med trigpunkt/ jernbolt. Utsikt vestover.
Same punkt, men ser her nordvestover mot høgaste punkt i bakgrunnen.
Same punkt, men ser her nordvestover mot høgaste punkt i bakgrunnen.
Denne steinen er nok høgast på Varmekroheia 1164.
Denne steinen er nok høgast på Varmekroheia 1164.
På Akslaråheia.
På Akslaråheia.
På Varmekroheia 1141 med trigpunkt/ jernbolt foran varden.
På Varmekroheia 1141 med trigpunkt/ jernbolt foran varden.
Same plass, men ser her mot 1164-toppen bak t.h.
Same plass, men ser her mot 1164-toppen bak t.h.
Steinrøys på toppen av 1110-toppen vest for Kjerag.
Steinrøys på toppen av 1110-toppen vest for Kjerag.
Det muligens høyeste toppunktet 1132 på Kjeragplatået.
Det muligens høyeste toppunktet 1132 på Kjeragplatået.
Nordover mot området rundt Kjeragbolten.
Nordover mot området rundt Kjeragbolten.
Skodda ligger over Lysefjorden.
Skodda ligger over Lysefjorden.
Kjeragbolten.
Kjeragbolten.
Kjeragbolten frå ein litt råare vinkel.
Kjeragbolten frå ein litt råare vinkel.
Varden ytterst på Nesatindane. Retning mot Lysebotn nede i dalen.
Varden ytterst på Nesatindane. Retning mot Lysebotn nede i dalen.
Her mot nordvest utover Lysefjorden.
Her mot nordvest utover Lysefjorden.
Kjerag nødbu som ligger langs stien mellom Kjerag og Øygardstølen.
Kjerag nødbu som ligger langs stien mellom Kjerag og Øygardstølen.
På Øygardsnuten i skodda.
På Øygardsnuten i skodda.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.