Maitur på ski til Bislingen (08.05.2021)
Written by bakken59
Ascents | Bislingflaka (693m) | 08.05.2021 |
---|
Fanga opp at dei skulle køyre spor frå Myllsdammen fredag kveld, og det stemte. Starta 1030 og gjekk først til Trantjern, møtte Helge G tilfeldigvis, og gjekk saman med han tilbake til Åssjøbukta. Derifrå gjekk eg opp til Bislingen og bortom høgaste punkt. Heilt fantastisk flott vær, og overraskande mange som nytta høvet til å få med seg enda ein skitur frå Mylla. Begge parkeringsplassane var nesten fulle. Vrient føre, eg gjekk på raudt klister, men korkje festet eller gliden var heilt patent. I skuggen langs Mylla var det periodevis harde flotte trikkespor, men stort sett var det mjukare og trå slush. Helge hadde starta kl 0800 i dag tidleg, det var nok mykje betre. Men skaren heldt framleis utafor spora på Bislingen. 20 km, 2 timar og 14 minutt, 390 hm. Gjekk aleine. Har no gått 1424 km på si denne sesongen, den har vore lang og flott!
Kommentarer