Kvilåsen og Venberget i Åmot (17.04.2021)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 4h 19min
Distance 17.1km
Vertical meters 448m
GPS
Ascents Kvilåsen (734m) 17.04.2021 13:56
Venberget (662m) 17.04.2021 15:42

Målet for dagen var eigentleg Deifjellet frå søraust, men der var området stengt på grunn av mykje millitæraktivitet i skytefeltet. Da måtte vi leggje om turplanane. Kvilåsen og Venberget vart da det nye målet. Vi hadde håpa å kunne køyre opp til Holmsjøen, eller i det minste forbi Ulvåsetra, men det gjekk ikkje. Vi vart stoppa av mykje snø i vegen, og vi parkerte i vegkanten.

Fint skiføre i vegen oppover mot Holmsjøen, og også fint i terrenget. På Kvilåsen var det flott utsikt nordover, og det var godt å sitte i sola der. Vi tok av kortfellane frå fjellskia før vi gjekk i vegen nedover frå Kvilåsen. Vidare mot Venberget vart det ikkje naudsynt å ta dei på igjen.

Ikkje noko utsikt på Venberget, men like nedunder toppen kom vi til eit skogholdt der det var flott utsikt mot Rendalen.

Det vart ein fin tur i strålande flott vêr.

På Kvilåsen, med Rendalssølen i bakgrunn
På Kvilåsen, med Rendalssølen i bakgrunn
På Kvilåsen
På Kvilåsen
På Venberget
På Venberget
Utsikt på veg ned frå Venberget
Utsikt på veg ned frå Venberget
På veg ned frå Venberget
På veg ned frå Venberget

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.