Tre Seljord-toppar på rad (03.04.2021)
Written by bakken59
Ascents | Brurnuten (1,207m) | 03.04.2021 |
---|---|---|
Dalastaulnuten (1,185m) | 03.04.2021 | |
Heidalsnutan (1,103m) | 03.04.2021 |
Køyrde til Vierli. Tom og eg gjekk saman i 4-5 km. Så skildest vi, Tom fortsatte til Silkedalen, eg gjekk nordover forbi Skardstjønn og Kroktjønn og så opp mot toppen som på kommunekartet heiter Dalstaulnuten, men som er registrert utan namn på peakbook, eller tettare nordaust for Grunntjønn. Fin topp med flott utsyn i perfekt påskevær og -føre. Skare, skyfritt, nesten ikkje vind, litt trekk på toppane må ein rekne med. Så gjekk eg sørover omtrentleg same trase, før eg heldt mot aust opp til Brurenuten, 1205. Populær topp dette og høgast i dette fjellpartiet. Mykje folk rasta i lyngen rundt toppen, eg og. Så nedatt og på skaren over til sporet mot Fjøllstaul. Vel nede fortsatte eg mot sør og opp og over Sprettedalsnutan. Lenger framme gjekk eg oppom Heidalsnuten, 1104. Den låg rett opp for Dansarsteinen viste det seg, der harceg vore før på beina. Nydeleg toppunkt, vil tilbake hit om sommaren, lett og grei tur frå Kvambekkheii. Eg heldt sørover til eg møtte bilveg på Kvambekkheii. Der møtte Tom meg med solo! 23 km, knappe 5 timar, 935 hm. Gjekk på fjellski med fellane på heile dagen. På knallhard skare var det fint, men tregt der det var spor sjølvsagt. Gjekk litt med Tom, men mest aleine.
Kommentarer