Neådalssnota frå Storlidalen (27.03.2021)
Written by simenee (Simen Einmo Engdal)
Ascents | Storbekkhøa (1,504m) | 27.03.2021 10:40 |
---|---|---|
Storbekkhøa Nordvest I (1,266m) | 27.03.2021 10:40 | |
Storbekkhøa Nordvest II (1,275m) | 27.03.2021 10:40 | |
Neådalssnota (1,621m) | 27.03.2021 15:16 |
Forfattarens debut i Storlidalen skulle by på intet mindre enn bestigning av sjølvaste Neådalssnota på ski - ein ikkje ubetydelig tur uavhengig av kor ein startar frå, ei heller frå Oppdal. Med guiding frå ranheimslosen og lokale krefter var det derimot liten bekymring for at turen skulle bli noko anna enn storveies.
Rett i arbeid opp frå Storli parkering og innover Storbekkdalen. Opp til skaret mellom Storbekkhøa og Halsbekkhøa fekk vi beskue dagens store mål for første gong. Konklusjonen blei at det framleis var nokre stavtak att før ein var framme. På med utforoppsett og ned til den vestre enden av Sprikltjønnin. Hardt føre og flatt lys gjorde nedkøyringa heller beskjeden, og vi frykta for at sola som var lova oss skulle utebli også resten av dagen.
Toppen byrja etter kvart å nærme seg for alvor, men det blei stadig brattare og sjølv om det ikkje var noko mangel på snø blei den ikkje noko mjukare. Det var derfor dags å sette skarejernet på prøve, og dei skulle vise seg å bli heilt essensielle for å få realisert dagens mål.
På ryggen før den siste kneika til topps merka vi for første gong noko snømangel, og det blei litt manøvrering mellom steinane før vi var klare for dei siste høgdemetrane. Hardt og tidvis isete, men verre opp enn ned. Ein kjapp rast til fantastisk utsikt når vi til slutt satte foten på toppen - få toppar i Trollheimen kan gi maken til vakkert utsyn, spesielt om vinteren! Som om ikkje utsikta var belønning nok gav skylaget tapt for sola medan vi satt her oppe, og utover å bidra med oppvarming og solraude naser blei no nedkøyringa riktig så fin. Før vi viste ordet av det var vi nede ved tjønnin att, og i eufori over sollysets gode timing vedtok vi å legge på eit par hundre ekstra høgemeter på returen, og få besøkt Storbekkhøa også. Dagens siste solstråler guida oss ned tilbake over Storbekkdalen og ned til utgangspunktet kor ein lang, men vakker dag i høgfjellet kom til sin slutt.
User comments
Missing title
Written by HegeSA 28.03.2021 21:35Kalles var føret? Nok med snø?
Sv:
Written by simenee 29.03.2021 07:30Det var hardt føre hele veien. Fint og effektivt å gå innover flatene på, men tidvis litt utfordrende i de bratteste partiene - siste strekket opp mot toppen måtte vi på med skarejern. Det harde underlaget ga større utfordringer opp enn ned.
Snømengden i seg selv var ikke noe problem. Eneste punktet vi måtte manøvrere mellom steinene var på ryggen rett før den siste stigningen til topps. Gikk med skiene på hele turen.