Hjelmelandsvarden pudderbonanza (05.02.2021)
Written by kobbenes (Kristian Starheim)
Ascents | Hjelmelandsvarden (983m) | 05.02.2021 |
---|
Eg hugsar Vestlandet fullt av regn og vind, og befolka av inneslutta folk hvis fremste høfligheitsgest var å la andre være i fred. Men her må det ha skjedd ein heil del! For her er det jo sol og sju minusgrader kvar dag - og fjella er fulle av tørr og djup laussnø. Til alt overmål har folk her fri kvar fredag til å gå på topptur, og denne fredagen fekk eg ikkje mindre enn tre turinvitasjonar!
Dette var nok ein knalldag i den nye bakgården. Eg vart med naboane Gustav og Maike på tur til Hjelmelandsvarden, ein ettermiddagstur med høgdemeter rett frå parkeringa. I tillegg var Reidun og høgdemeteretaren (og andre halvdel av den legendariske fjellduoen frå Lote) Lise med. Så her var det berre å skru pulsklokka på max om ein skulle henge med.
Det var brøyta spor heilt til topps - utsikta var i storformat, og nedkøyringa var heilt nydelig, også for slike som meg som ikkje har trena låra for nedoverski. Milde måne!
Takk for turen!
User comments