Reinsknuten (15.10.2020)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Nilsebuvegen ved Tangen (200m)
Endpoint Nilsebuvegen nedfor Tangastølen (560m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 00min
Map
Ascents Reinsknuten (957m) 15.10.2020
Reinsknuten aust (959m) 15.10.2020

Fulgte ein umerka sti opp til Kjelkeskaret. Stistarten fant eg ikkje, men gjekk bare forbi eit gardstun og opp i bjørkeskogen så kom eg inn på ein sti langs vestsida av bekken. Litt lenger opp kryssa stien over på austsida av bekken og var nokså tydelig eit langt stykke. Blei utydelig igjen over skoggrensa, men fortsatte å gå langs bekken. En del storsteina ur så litt kronglete men uproblematisk å ta seg fram.
Oppe i Kjelkeskaret der det flater ut gjekk eg vestover ryggen til Reinsknuten. Var oppom fleire toppunkt på ryggen, men eit punkt skilte seg litt ut og virka like høgt som Reinsknuten lenger vest. Vidare ca 1 km vestover bort til hovedtoppen med varde og trigpunkt.
Gjekk bratt ned nordaustover. og så vestover i den tronge dalen. Det er ein steinsatt gammal anleggsveg i denne dalen og dermed lett tur resten ned. Stølsåna var nesten tørrlagt og dermed grei å steingå over. Hadde på forhånd lagt frå med sykkel her oppe for rask retur ned til utgangspunktet.
Dette blei dermed ein variert og flott rundtur som eg er glad eg valgte. For kortast tur til Reinsknuten er det utvilsomt best via min returrute på den nevnte anleggsvegen på nordsida av Reinsknuten. Ein bør helst gå opp mot tjern 831 for å unngå for bratte fjellsider opp til Reinsknuten.

På Tangen med utsikt oppover mot Kjelkeskaret midt i bildet med Godliknuten t.h.
På Tangen med utsikt oppover mot Kjelkeskaret midt i bildet med Godliknuten t.h.
Steinete terreng opp mot Kjelkeskaret.
Steinete terreng opp mot Kjelkeskaret.
På veg opp austryggen til Reinsknuten med Kjelkeskaret nede t.h.
På veg opp austryggen til Reinsknuten med Kjelkeskaret nede t.h.
Tilbakeblikk ned dalføret der eg gjekk opp mot Kjelkeskaret.
Tilbakeblikk ned dalføret der eg gjekk opp mot Kjelkeskaret.
Høgare oppe mot den blankskurte nordvestveggen av Godliknuten t.h.
Høgare oppe mot den blankskurte nordvestveggen av Godliknuten t.h.
Utsyn over dalføret mellom Tangen og Kjelkeskaret.
Utsyn over dalføret mellom Tangen og Kjelkeskaret.
På ein av toppane aust for Reinsknuten med utsikt austover.
På ein av toppane aust for Reinsknuten med utsikt austover.
På hovedtoppen Reinsknuten i låg kveldsol.
På hovedtoppen Reinsknuten i låg kveldsol.
Utsikt austover.
Utsikt austover.
Sørover.
Sørover.
Gjekk ned dette svært bratte partiet nordaust for Reinsknuten. Anbefaler gå lenger aust.
Gjekk ned dette svært bratte partiet nordaust for Reinsknuten. Anbefaler gå lenger aust.
Vestover der ein ser den steinsatte anleggsvegen og litt av Nilsebuvegen i bakgrunnen.
Vestover der ein ser den steinsatte anleggsvegen og litt av Nilsebuvegen i bakgrunnen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.