Hemsedaltur dag 3: Høgeloft (24.07.2020)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Characteristic Hillwalk
Map
Ascents Høgeloft (1,920m) 24.07.2020
Høgeloft Nordtoppen (1,900m) 24.07.2020
Knipenborg (1,738m) 24.07.2020
Knipenborg Sørøst (1,728m) 24.07.2020
Visits of other PBEs Eldrevatnet parkering nord (1,120m) 24.07.2020
Ulvehaugveien bom (1,112m) 24.07.2020
Toppvarden på Høgeloft
Toppvarden på Høgeloft

Etter frukost i bilen i Mørkdalen, køyrde vi opp til parkeringa nord for Eldrevatnet. Derifrå sykla vi dei fem kilometrane til der råket til Høgeloft tar av. Bakhjulet på syklen til Kristine punkterte like før det. Irriterande!

Vi tok ein matpause før vi gjekk i vegen oppover råket. Litt spredte vardar til å byrje med, betre etter kvart. Møtte nokre andre på veg oppover, og det var fire andre på toppen da vi var der. Flott utsikt!

Mot Nordtoppen frå Høgeloft
Mot Nordtoppen frå Høgeloft
Mot Nordtoppen frå Høgeloft
Mot Nordtoppen frå Høgeloft

Før turen hadde vi snakka om å gå på Bleia etter Høgeloft, men vi hadde nok med litt lite mat til det, og det såg ut som ein flott rundtur å gå om Nordtoppen og Knipenborg. Vi vart einige om å gå rundturen. Fint vidare til Nordtoppen. Ned mot Knipenborgtjørni var det litt laus ur. Hadde vi gått litt meir mot vest hadde vi fått meir snø å skli på.

Attende mot Høgeloft
Attende mot Høgeloft
På veg til Nordtoppen
På veg til Nordtoppen
Frå toppvarden på Nordtoppen mot Høgeloft. Kristine på veg oppover midt i bilde
Frå toppvarden på Nordtoppen mot Høgeloft. Kristine på veg oppover midt i bilde

Lettgått og fint opp til dei to Knipenborgtoppane. Attende gjekk vi til vestenda av Knipenborgtjørni, og aust for Solhaugen til syklane.

Lett å sykle attende vegen til Eldrevatnet. Kristine sykla sjølv om syklen var punktert. Det gjekk betre enn forventa, men bakhjulet er nok ødelagt.

Alti i alt ein virkeleg flott tur!

Knipenborg Sørøst
Knipenborg Sørøst
Bleia bak Knipenbørgtjørni
Bleia bak Knipenbørgtjørni
Nordtoppen på Høgeloft frå Knipenborg Sørøst
Nordtoppen på Høgeloft frå Knipenborg Sørøst
Hurrungane og Jotunheimen frå Knipenborg Sørøst
Hurrungane og Jotunheimen frå Knipenborg Sørøst
På Knipenborg
På Knipenborg
Knipenborgtjørni
Knipenborgtjørni
Knipenborg og Knipenborg Sørøst
Knipenborg og Knipenborg Sørøst

Etter turen køyrde vi nedover Mørkedalen i retning Hemsedal, og overnatta på same stad som natta før.

23,6km - 1032hm - 7t 25min
23,6km - 1032hm - 7t 25min

Detaljert kartrute hos Kristine

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.