Hemsedaltur dag 4: Røgjin, Systerskardfjellet og Skogshorn (25.07.2020)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Characteristic Hillwalk
GPS
Ascents Hamarskardtoppen (1,444m) 25.07.2020
Røgjin (1,370m) 25.07.2020
Skogshorn (1,728m) 25.07.2020
Storebottnuten (1,476m) 25.07.2020
Systerskardfjellet (1,498m) 25.07.2020
Røgjin sør (1,367m) 25.07.2020
Visits of other PBEs Buaklanten (1,200m) 25.07.2020
Fløgatjerne parkering (1,027m) 25.07.2020
Holdeskarveien (650m) 25.07.2020
Skogshorn p-plass (895m) 25.07.2020
Toppvarden på Røgjin
Toppvarden på Røgjin
Utsikt frå Røgjin
Utsikt frå Røgjin

Vi vakna opp til fint vêr i Mørkedalen, og køyrde til Hemsedal og åt frukost. Vi køyrde så inn bomvegen ved Hemsedal Skisenter. Vi hadde snakka om å gå på Røgjin og Totten.

Røgjin vart første topp ut. Vi parkerte i vegkanten der råket byrjar. Flott råk oppover. Vi vurderte å ta ruta som er teikna inn rett oppover, men det såg veldig dårleg ut, så vi gjekk hovudråket.

Flott tur, og fin utsikt. Denne turen møtte vi mykje folk, så det er ein populær topp.

Kristine på Sør for Røgjin
Kristine på Sør for Røgjin
Buaklanten
Buaklanten
På Storebottnuten
På Storebottnuten
Gyrinosvatnet og Flævatn frå Systerskardfjellet
Gyrinosvatnet og Flævatn frå Systerskardfjellet

Vi hadde eigentleg tenkt til å ta Totten som tur to, men vi fann ut at vi heller ville ta Storebottnuten og Systerskardfjellet. Vi parkerte på den store parkeringa ved Fløgatjerne. Derifrå gjekk vi vegen litt oppover, før det vart godt råk til Buaklanten. Godt råk også vidare til Systerskardet. Vi gjekk først på Storebottnuten, så på Systerskardfjellet.

På Systerskardfjellet vart vi einige om å utvide turen, og ta med Hamarskardtoppen. Fint å gå bort dit. Der snakka vi om å utvide turen, og ta med Totten. Men vi vart einige om at det var best å avslutte turen der, og gå til bilen og ete før vi eventuelt gjekk på Totten.

Ned frå Hamarskardtoppen hadde vi sett eit råk innteikna på kartet. Det var fint terreng til å byrje med ned frå Hamarskardtoppen, men etter kvart vart det berre kratt. Råket dukka aldri opp, og vi gjekk i krattet heilt ned til Sprikevollen.

På Systerskardfjellet, med Røgjin bak
På Systerskardfjellet, med Røgjin bak
På Hamarskardtoppen, med Totten bak
På Hamarskardtoppen, med Totten bak
På Hamarskardtoppen, med Storehorn og Såta bak
På Hamarskardtoppen, med Storehorn og Såta bak

Vi hadde så tenkt til å gå på Totten om vi kunne køyre heilt opp til den øvste parkeringsplassen. Det gjekk ikkje, og vi orka ikkje å gå åtte kilometer tur/retur og 600 høgdemeter.

Vi drog derfor til Hemsedal og åt burger på eit gatekjøkken. Medan vi satt der kom turlysten og formen attende, og vi bestemde oss for å gå på Skogshorn.

Godt driv opp steintrappane
Godt driv opp steintrappane

Vi parkerte på parkeringa til Skogshorn, 55 kroner kosta det. Råket oppover var veldig bra, og turen opp gjekk overraskande lett. Rett under ein og ein halv time opp. Vi møtte nokre folk på turen, men ikkje så mange. Flott tur.

På Skogshorn
På Skogshorn
Skogshorn
Skogshorn

Etter turen drog vi heim til Slidre. Det vart fire fine dagar i Hemsedal.

Bilder frå turen på Røgjin

Bilder frå turen på Systerskardfjellet

Bilder frå turen på Skogshorn

GPS-spor frå turane

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.