Sandfjellet (01.07.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Duration 1h 06min
Distance 7.0km
Vertical meters 467m
GPS
Ascents Sandfjellet (890m) 01.07.2020 11:32
Visits of other PBEs Folda P-plass (430m) 01.07.2020 10:56

Juli måned betyr dessverre ikkje finversgaranti når ein oppheld seg på Nordmøre, og med tungt skydekke og regnver må dei store toppane og ekspedisjonane vente. Derimot finst det nok av småplokk å få med seg sjølv på gråversdagar som denne, og for å bidra litt til bomkassene ein finn oppover dalen blei ruta lagt til to små toppar i henholdsvis Folldalen og Vindøldalen. Først ut var Sandfjellet med start frå Folda P-plass. Over demning og vidare langs grusvegen finn ein her skilting opp mot Sandfjellet. Stien går først i myr og kan til tider være litt utydeleg, men tar ein seg tid finn ein fram. I regn og til tider hagl bar det no oppover, og etter kvart blir myr til fast fjell og stien betre. Den forsvinn til tiden opp lia, men blir fint supplert av sporadisk varding oppover. Vanskeleg å finne fram er det uansett ikkje og vel opp finn ein varde ved det høgste punktet. Såg over mot maste som står lengre mot nordvest, men dårleg ver gjorde at turen ikkje blei gjort lengre enn den måtte være, og returen gjekk raskt ned same veg som opp, meir eller mindre.

Markert P-plass for turstart.
Markert P-plass for turstart.
Skilting der ein tek av grusvegen og inn på stien over myra.
Skilting der ein tek av grusvegen og inn på stien over myra.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.