Honnstadknyken (25.06.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal)

Start point Øvre Skeisnebbap p-plass (400m)
Characteristic Trip by foot
Duration 1h 49min
Map
Ascents Honnstadknyken (1,071m) 25.06.2020 17:00
Svarrafjellet (780m) 25.06.2020 17:00
Ettermiddagsturen til Snøfjellet blei fulgt opp av ein kveldstur til Honnstadknyken. Ein klassiskar frå Surnadal ein aldri går lei av. Snø i dei djupeste grytene langs toppyggen frå Svarrafjellet, men veldig fint og greit å kome seg opp. Alltid like fint å skue over bygda og Trollheimen etter eit lengre opphald sørpå. God rast med kveldskaffe høyrer alltid med her, medan praten gjekk laust mellom turfølgjet om kva for toppar som skal prioriterast i år etter kvart som snøen slepp taket.
Kveldssol over nedre Surnadal sett frå Knyken er det vanskeleg å konkurrere med.
Kveldssol over nedre Surnadal sett frå Knyken er det vanskeleg å konkurrere med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.