Lise og Vinjar sette meg av på stistart frå Herland. Dei skulle på Brurastakken rett i nabolaget, og så plukke meg opp seinare på Eidet. Gjekk med lave sko og var spent på fuktigheten i terrenget. Det gjekk veldig fint, stien var heile veien god og for det meste tørr. Det er lagt ned mykje arbeid i merking og skilting på Atløyna. Møtte ingen på turen, eigentleg heilt toppers. Kosa meg på toppen ei lita stund trass litt vind. Den sørvende ruta ned mot Eidet var veldig fin, truleg den finaste ruta til Skredvarden. Vart møtt av Lise og Vinjar som kom frå Buskefjellet.
User comments