Fire turar rundt Gålåvatnet (07.04.2020)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Valsfjellet (1,148m) | 07.04.2020 11:33 |
---|---|---|
Feforkampen (1,160m) | 07.04.2020 12:57 | |
Kvitberget (1,000m) | 07.04.2020 14:10 | |
Årstulhøgda (1,052m) | 07.04.2020 15:45 | |
Visits of other PBEs | Feforkampen parkering (1,015m) | 07.04.2020 12:31 |
Rudlandsætra p-lomme (920m) | 07.04.2020 13:51 | |
Wadahl Høgfjellshotell (933m) | 07.04.2020 14:46 |
Fire turar i Nord- og Sør-Fron med pappa og Kristine. Pappa hadde vore på alle toppane før, eg hadde ikkje vore på Feforkampen før, medan Kristine ikkje hadde vore på nokon av dei.
Tur 1: Valsfjellet
5,8km - 350hm - 1t 21min
Vi parkerte i vegkanten ved ein liten dam. Derifrå gjekk vi bort til skibakken, og følgde den oppover. Kristine på randonee, eg på telemark og pappa på langrennsski. God snø å gå på til å byrje med, men hard skare oppover. Vondt å gå der eg å Kristine gjekk i bratta oppover, så vi tok ein anna rute ned at. Mykje vind på toppen, men fin utsikt.
Tur 2: Feforkampen
1,5km - 150hm - 50min
Vi køyrde vidare til Feforkampen, og parkerte på ein liten bakketopp. Vi gjekk opp gjennom bratt og tett skog til vi kom opp til toppen av den vesle alpinbakken. Derifrå var det fint å gå opp til toppen. Den store varden ga god ly for vinden. Veirkeleg flott utsikt frå toppen!
Tur 3: Kvitberget
1,8km - 80hm - 32min
Før denne turen bytta Kristine og eg over til langrennsski. Kort tur og grei tur, men litt tungt føre. Faktisk ganske så bra utsikt frå toppen, særleg mot Feforkampen og Rondane.
Tur 4: Årstulhøgda
12,1km - 190hm - 1t 23min
Tur i stort sett bra skiløype. Eg skøyta mesteparten av turen. Toppen er berre ein liten avstikker frå skiløypa. Ikkje nokon utsikt å snakke om frå toppen. Men det vart ein fin skitur.
User comments