Tre turar på Friisvegen (09.08.2019)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Imsdalsvola (1,175m) | 09.08.2019 11:35 |
---|---|---|
Skarvvola (1,264m) | 09.08.2019 12:47 | |
Store Skinalia (1,142m) | 09.08.2019 14:28 | |
Kvannslåhøgda (1,114m) | 09.08.2019 15:10 | |
Visits of other PBEs | Åsdalstjønna parkeringslomme (1,140m) | 09.08.2019 12:16 |
Jammerdalsbu parkering (1,085m) | 09.08.2019 13:32 |
Tur på Friisvegen med Kristine og pappa.
Vi køyrde nesten til Storfjellsetra, og parkerte på ein liten parkeringslomme, for å gå fyste tur. Turmålet var Imsdalsvola. Frå parkeringslomma følgde vi godt råk bratt oppover til fleire vardar på om lag 1140moh. Flatt vidare til toppen. På bilturen hadde det regna ein del, men det betra seg medan vi gjekk. Skodda som hadde vore på toppane rundt byrja også å letne.
Etter turen på Imsdalsvola køyrde vi attende Friisvegen, og parkerte ved nordaust enden av Åsdalstjønna. Derifrå gjekk vi på Skarvvola. Vi følgde det gode råket til Åsdalssetra innover, før vi gjekk i fint turterreng opp til toppen.
Den tredje og siste turen byrja på parkeringa ved Rondanestien. Vi følgde Rondanestien nordover til vi kom til ein turr og fin bekkedal, der var det gras, medan overalt rundt var det kratt. Vi kom oss ikkje turrskodde over myra, men vi fann ein betre og turrare rute attende. Ein del kratt opp til om lag 1050moh, fint etter det. Attende mot bilen gjekk vi oppom Kvannslåhøgda.
Tre fine turar i eit flott turområde.
User comments