Storen (08.07.2019)

Written by Olaeros (Ola Esten Røssum) GSM

Map
Ascents Store Skagastølstinden (2,405m) 08.07.2019

Storen med Mari og Halvor. Kaldt ver og snø veka før gjorde at det låg ein del snø oppover frå bandet. Avmarsj 0450. Bandet etter 2t20min. Gjekk med stegjern frå bandet og heilt opp. Første gong i Heftyes renne, og første gong på led på Storen. Var heldigvis lite vind. Prøvde å følge Kristoffer sine spor som var her dagen før med gjestar, men kom bort frå trakket av og til. Sikra nokre parti over svaa. Oppe ved hjørnet gjekk vi litt feil før vi kom til innsteget. Gjekk ei lang taulengde frå hjørnet til hylla under Heftyes. Litt taukrøll på Halvor sin tauende, men begge kom opp til hylla i god stil. Med mjuke sko og stegjern og stor sekk var det litt vanskeleg å komme opp i renna. Drog i ein lilla kamkile og frå der gjekk det greitt. Satte standplass rett over renna for å kommunisere betre med dei andre. Sendte ned ei langslynge som Halvor fekk klippa i bankebolten. Med hjelp av denne og litt drag på tauet kom båe to greitt opp. Enkelt vidare til topps i to t.l. Måtte leite litt for å finne rappellfestet ned att, så gjekk bort ein del tid der. Nede ved hjørnet gjekk vi stien nedover rampa, og drog litt ut mot høgre der det var eit rappellfeste med slynger ned over eit bratt parti. Kort rapell her. Prøvde så å finne rappellfestet over svaa, men dette måtte vi gi opp å finne. Rota oss litt bort i prosessen, og for å sleppe å klatre opp att valde vi å rappellere frå ei kile for å komme ned over dei siste svapartia. Hadde brukt ganske lang tid til nå. Resten av returen gjekk greit. Brukte ca 16 timar totalt,

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.