Flott vêr til Rensfjellet (20.07.2019)
Written by bakken59
Ascents | Rensfjellet (941m) | 20.07.2019 |
---|---|---|
Punkt nordvest for Rensfjellet (929m) | 20.07.2019 |
Etter jobb i Trondheim fredag, kom eg meg ut av. byen kl 0900, og køyrde til Lundamo, så Samsjøen. Perfekte turforhold, blå himmel, passe varmt for t-skjorte og shorts, men ei lufting som heldt insekta borte. Følgde raudmerkt stig til topps. Ikkje berre raude merke, men eit par benker også og namneskilt og avstandsmerke. Rasta ved den store varden, gjekk så over til kommunetoppen før eg følgde same løypa nedatt. Eg greidde turen opp på knappe to timar, og det var eg nøgd med, men ikkje heilt nøgd med forma likevel, ville gjerne kjend meg sprekare. Då vi gjekk til Kråkfjellet i vinter, vurderte vi dette dom flott skiterreng, men traseen til Rensfjellet var også veldig fin sommarstig. For dei som løper, tenkjer eg at denne turen eignar seg for det. Spiste årets fem første mogne molter. Møtte ni personar fordelt på fire følge. 15,4 km, 3 timar og 49 minutt, 714 hm. Gjekk aleine.
User comments