Kjerstadtinden (31.05.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)

Duration 4h 55min
Distance 11.1km
Vertical meters 900m
GPS
Ascents Kjerstadtinden (854m) 31.05.2019 02:51
Visits of other PBEs Kjerstadfjellet parkering (12m) 31.05.2019 00:12

Det var spådd fint vêr i natt, og dårlegare utover dagen. Så vi val tur framfør søvn.

Turen gjekk til Kjerstadtinden på Tjeldøya. Vi hadde funne ein turskildring på facebook, og at det skulle gå merka råk frå like før Kjerstad.

Vi fann parkeringa og råket, men mista råket etter allereie 50 meter. Vi gjekk oppover utan råk, stort sett på berg, så det var greitt å gå i terrenget. På om lag 300moh fann vi at råket. Derifrå klarte vi nokon lunde å følgje det.

Ein del snø, men fint å gå. Vi hadde med broddar, og på eit bratt parti med hard snø mellom 600 og 700moh tok vi dei i bruk båe opp og ned.

Sjølv om det var litt overskya, var det ein del flott ljos på turen, og fin utsikt på toppen. Vêret var diverre på sitt aller beste på bilturen heim.

Varde på om lag 280 moh.
Varde på om lag 280 moh.
På om lag 280 moh. Fyste glimt av toppen
På om lag 280 moh. Fyste glimt av toppen
På Kjerstadtinden
På Kjerstadtinden
Frå Kjerstadtinden mot Jakobstinden, Kongsviktinden, Skitnesskardtinden og Setertinden
Frå Kjerstadtinden mot Jakobstinden, Kongsviktinden, Skitnesskardtinden og Setertinden
Frå Kjerstadtinden mot Strandtinden, Fiskefjordtindan og Snøtinden
Frå Kjerstadtinden mot Strandtinden, Fiskefjordtindan og Snøtinden
Frå Kjerstadtinden mot Tjeldsundet og fjell i Lødingen
Frå Kjerstadtinden mot Tjeldsundet og fjell i Lødingen
Frå Kjerstadtinden mot Kjerfjorden og Raudurdtinden. Ballangen bak
Frå Kjerstadtinden mot Kjerfjorden og Raudurdtinden. Ballangen bak
Attende mot toppen
Attende mot toppen
Starndtinden
Starndtinden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.