Vikestølheia (26.05.2019)
Written by Tkleppa (Torborg Kleppa)
Ascents | Vikestølheia (831m) | 26.05.2019 |
---|
Vår tur starta ved Hundabergbruene. Parkerte ved Fundingslandsvegen omlag 2km frå krysset Vormedalsvegen/Fundingslandsvegen.
Me følgde god sti opp langs Hundaberga og inn Hundabergdalen til Subbelia. Vidare på stien forbi hytta i Subbelia og opp til bekken som kjem frå Saupstølmyrane. Her kryssa me bekken og fortsette mot søraustopp lia mot Vikestølheia. I lia her fann me ikkje nokon sti, men fann igjen ein god sti når me gjekk opp på heia i Sauaskaret. Me følgde skaret og bekken vidare til ei lita tjørn på 750 moh. Herifrå mot søraust rett mot toppen på 832 moh.
Vikestølheia er relativt flat på toppen, og det er vid utsikt mot alle himmelretningar. Innover heia ser me Kvanndalen, Frigardsheia, Fjellsenden og Brenneknutane. Nordover ser me Hauaskjøla, Gullingen, Napen og lengst mot nord den snøkledde Skaulen. Heimover ser me ut fjorden og ut i havet. Fin varde på toppen.
Heim igjen same vegen som me kom. Me tok det som ein treningstur og brukte 2 timar og 30 minutt opp og ned.
User comments