Etter tur til Leirmohovden fekk eg lura med Torleiv på denne <100-toppen. Parkerte i den knappe svingen og gjekk innover skogsveien. Gjekk litt for langt, det som sannsynlegvis er starten på ein gammal og lite brukt sti til Solsete var ikkje lett å finne. I starten over berg, før den etterkvart vart delvis meir synleg. På ca 375 moh kom ein hjort rett imot oss og stoppa ikkje før den var på 10-meters avstand. Her kryssa vi så ein liten bekk og kjempa oss forbi noke vindfallskog. Kom så inn på ryggen som førte oss til topps. Til tider mykje skog som låg overendeblåst. Fann ikkje trig.pkt på toppen, men høgste punkt seier seg sjølv. Ikkje den store opplevinga, men grei trim før heimreise.
User comments