Erterhaug fot og ski (17.05.2019)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Start point Vardahaug bru (967m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 25min
Distance 12.7km
Vertical meters 528m
GPS
Ascents Erterhaug (1,355m) 17.05.2019 10:34

17. mai tur frå Vardahaug bru i Erdal. Var spent på snøforholda. Planen var å utforske om vi kunne nå Daurmålsnosi og Middagsnosi mot Frønningen. Var litt i tvil. Og snøforholda talde for at det kom til å bli utfordrande. Så plan vart endra til Erterhaug som mål. Måtte bere skia i ca. 35 min, og det blei så av og på 8 - 10 gonger over snøbruer og lyng. I det vi skulle ha på skia, oppdaga Marita at eine festepiggen på bindingen var borte. Ho måtte difor snu, og valde å gå på Vardahaug støl, og toppen bak (1336) i staden. Då heldt eg fram aleine. Etter kvart fint skiføre, og kjekt å gå. Jamn lett stigning innover. Sjølve nedkøyringa frå toppen vart litt antiklimaks. Det var såpass sug, at farten vart låg. På retur valde eg å gå litt lenger på føtene. Følgde rygg, og så ned til sti ved elva. Kjekt å gå på ski på grunnlovsdagen :)

Grånosi 1566 i Aurland til venstre, og Svarthovd 1364 midt i biletet.
Grånosi 1566 i Aurland til venstre, og Svarthovd 1364 midt i biletet.
Erterhaug.
Erterhaug.
Toppvarden med Grånosi bak.
Toppvarden med Grånosi bak.
Vi ser Fresvikbreen heilt til venstre, og Grånosi til høgre.
Vi ser Fresvikbreen heilt til venstre, og Grånosi til høgre.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.