Grovabreen ifrå Jølster! Tur med heimelaga bjørkeski... (23.04.2019)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Dvergsdalen (482m)
Endpoint Dvergsdalen (474m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 8h 01min
Distance 20.4km
Vertical meters 1,535m
GPS
Ascents Punkt på Grovabreen (1,633m) 23.04.2019
Grovabreen nordvest (1,587m) 23.04.2019

Utgangspunktet var ein føringstur for Sogndal Turlag til grensefjellet Isvassnipa 1436 Jølster/Førde ifrå Jølstersida lørdag 6 april.

Mot Styggevassegga til Isvassnipa 1436 moh. Ifrå tur 16.04.16

Den turen måtte vi avlyse grunna svært dårlige føreforhold. Fjellet var ganske så vindpåvirka og glasert over Styggevassegga og i nedrennet ifrå toppen.
https://peakbook.org/tour/160906/Isvassnipa+ei+fjellperle+i+Jølster+og+årets+flottast+skitur%21.html
Det gode alternativet etter forholda generelt i fjella då, vart Grovabreen. Med på laget var Brit Siv og Torje og vi tre har igrunn eit ekstra spesielt forhold til Isvassnipa. Det gjelder eigentlig også resten av Jølstrafjella :)
På svært kort tid og i løpet av eit døgn, hadde vi funnet alternativ og fått omdirigert turen. Det var ei enorm stor interesse for toppen Isvassnipa i Jølster. Det var ekstra stas, då det også vart stort oppmøte til Grovabreen. Det tiltross for eit avlyst førsteønske og raske forandringer. Blide turmennesker ifrå Sogn og Sunnfjord vart til ein superfin gjeng med store smil.

Førarlaget til Grovabreen i Jølster/Førde var Torje Bjelaas, Brit Siv Fimland og Janne Eikås

Morgenstemning ved Jølstravatnet kl 08.00 på veg til Dvergsdalen i Jølster for å ta imot turfolket til dagens tur og det gode alternativet Grovabreen

Ein strålande gjeng klar for Grovabreen ifrå Dvergsdalen i Jølster

Nyte sola og turfelleskapet ilag :)
Nyte sola og turfelleskapet ilag :)
Ifrå Tverrfjellet/Salsegga og snart innpå Grovabreen. Kjøsnesfjorden og Skafonnfjellet med fleire fine Jølstrafjell i bakgrunn!

Ifrå Tverrfjellet/Salsegga og snart innpå Grovabreen. Kjøsnesfjorden og Skafonnfjellet i bakgrunn.

Ifrå Tverrfjellet/Salsegga og snart innpå Grovabreen

Fleire på tur til Grovabreen nordvest 1587 moh idag :)

Ein av dei unge og Torje sin gut hadde fått med seg topp punktet på Grovabreen 1633 i einsam majestet! Det før nokon andre hadde vurdert tanken endå :)

Vi andre på veg til 1633
Vi andre på veg til 1633
Ein fin gjeng til høgaste toppunktet på Grovabreen 1633 moh Jostedalsbreen, Jølster og Førde

Ein strålande og blikkstille dag på Grovabreen med stortoppane i Hurrungane i bakgrunn!

Torje Bjellaas sine heimelaga bjørkeski ifrå Jølstrabygda. Dei fungerte like bra som det dyraste moderne dagens skipar og det utan stålkanter. Men, så det også er sagt! Så er det ein habil eigar og skikøyrer som beherska dei vel :)

Tid til den gode praten og nytelsen av mektig natur i fellesskapet!

Tilbake via Fagredalen og Dvergsdalsstøylen

Drømmen om bjørkeski...Torje Bjellaas
https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-vestlandsrevyen/201904/DKHO99041619/avspiller

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.