Høgfjellet (18.03.2019)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
| Ascents | Skjærstaddalsfjellet (613m) | 18.03.2019 17:14 |
|---|---|---|
| Høgfjellet (615m) | 18.03.2019 17:33 | |
| Sjurfjellet (591m) | 18.03.2019 18:06 | |
| Sjurfjellet sør (586m) | 18.03.2019 18:13 | |
| Storlitinden (614m) | 18.03.2019 18:22 | |
| Visits of other PBEs | Toppenveien parkering (240m) | 18.03.2019 15:44 |
Det tredje forsøket på Høgfjellet på tre dagar. I dag var det spådd fint vêr, og når vi har ferdige på jobb i halv tre tida, strålte sola. Vi køyrde til skytebana i Borkenes og gjekk i vegen i skiløypa. Sola strålte framleis og det var nesten vindstille. Frå skiløypa følgde vi nesten same rute som dagen før, men spora våre var blese att. Vi droppa å gå oppom Råheia, men gjekk rett mot Skjærstaddalsfjellet. Snøen var forblåst og fokket, med mange små skavlar så det var ikkje spesielt behageleg i alle nedover bakkar, spesielt ned i frå Høgfjellet var det litt vanskeleg. Vi la turen utom Sjurfjellet og Storlitinden sjølv om det byrja å mørkne. På turen attende fekk vi fin solnedgang. Nede att i skiløypa gjekk vi lysløypa, så vi slapp å bruke hovudlyktane våre. Ein fantastisk tur i strålande vêr.

































User comments