Årsteinen (28.10.2018)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 4h 46min
Distance 11.2km
Vertical meters 1,009m
GPS
Ascents Stortinden Årsteinen (530m) 28.10.2018 11:37
Trolldalstinden (475m) 28.10.2018 12:10
Lilletinden (380m) 28.10.2018 12:56
Lilletinden sør (380m) 28.10.2018 13:06
Lilletind nord (363m) 28.10.2018 13:18
Åsan (216m) 28.10.2018 13:42
Pundslettfjellet sør (181m) 28.10.2018 14:08
Hamran (217m) 28.10.2018 14:23
Pundslettfjellet Øst (225m) 28.10.2018 14:29
Dronninga var på Stortinden før oss
Dronninga var på Stortinden før oss
Postkassa på Stortinden
Postkassa på Stortinden

Det var spådd varierande vêr i Lofoten denne dagen, og dårlegast mot vest. Så vi la turen til Stortinden på øya Årsteinen, sør for Digermulen på Hinnøya. Når vi køyrde nordover frå Kabelvåg vart det gradvis betre vêr, men det vart gradvis dårlegare medan vi køyrde sørover at mot Årsteinen. Vi parkerte på Pundslett lengst nord på øya. Det byrja å snø like før vi parkerte, og snøvêret hald frem ei god stund. Råket var greitt å følgje forbi Pundslettvatnet, men oppover mot Årsteinskaret vart det ein del snø, så det vart vanskelegare å sjå råket. Oppe i Årsteinskaret kom det opp eit spor i frå Øvre Årstein og gjekk oppover råket mot Stortinden. Veldig kjekt å kunne følgje spor oppover. Da vi nærma oss skardet mellom Stortinden og Trolldalstinden byrja vêret å betre seg, og vi fekk litt utsikt. Oppe i skaret gjekk spora videre til Trolldalstinden, så vi måtte sjølv finne vegen til Stortinden. Mykje snø å gå i, mellom 20 og 30 centimeter. Flott utsikt frå toppen.

På Stortinden
På Stortinden
Over mot Lilletinden
Over mot Lilletinden
Mot Trolldalstinden
Mot Trolldalstinden
Mot Stortinden frå Trolldalstinden
Mot Stortinden frå Trolldalstinden
På Lilletinden
På Lilletinden

Nede i skardet igjen følgde vi spora opp til Trolldalstinden, og skreiv namna våre inn i boka, og såg at det hadde vore to folk der dagen før. På veg ned mot Årsteinskaret diskuterte vi om vi skulle prøve oss på Lilletinden, noko vi gjorde. I frå skardet var det bratt oppover, og vi måtte runde nokre berg. Ryggen mellom dei tre toppunktane var morosam og fin og gå. Attende mot bilen valde vi å halde høgda og gå i terrenget over Pundslettfjellet Øst, framfor å følgje råket. Nedover frå Lilletinden og forbi Åsan var det ein del berg, og vidare var det mykje kratt og ein del opp og ned, så det vart ein tung tur.

På Trolldalstinden, med Lilletinden bak
På Trolldalstinden, med Lilletinden bak
Frå Lilletinden mot Trolldalstinden
Frå Lilletinden mot Trolldalstinden
Frå Lilletinden mot Stortinden
Frå Lilletinden mot Stortinden
Frå Lilletinden mot Lilletinden Sør
Frå Lilletinden mot Lilletinden Sør
På Lilletinden Sør
På Lilletinden Sør
Kristine på veg opp mot toppen, med hovudtoppen midt i bilde
Kristine på veg opp mot toppen, med hovudtoppen midt i bilde
Ned mot Øvre og Nedre Årstein
Ned mot Øvre og Nedre Årstein
Mot Fastlandet, Hamarøyskaftet skimtes midt i bilde
Mot Fastlandet, Hamarøyskaftet skimtes midt i bilde
Berg ned frå Lilletinden
Berg ned frå Lilletinden
Lilletind Nord i frå Åsan
Lilletind Nord i frå Åsan

Frå Årsteinskaret og opp til Stortinden og Trolldalstinden, og opp frå Årsteinskaret til dei tre toppane på Lilletinden var det skikkeleg morosamt og gå, medan turen attende frå Lilletinden over Pundslettfjellet Øst var litt keisam. Vêret var fint på deler av turen, men det var ein del snøvêr, og mykje skodde. Alt i alt ein riktig fin tur, og ei flott helg i Lofoten.

Trolldalstinden frå Åsan
Trolldalstinden frå Åsan
Pundslettfjellet Øst frå Åsan
Pundslettfjellet Øst frå Åsan
Frå Pundslettfjellet Sør mot Lilletinden og Årsteinskaret
Frå Pundslettfjellet Sør mot Lilletinden og Årsteinskaret
Frå Pundslettfjellet Sør
Frå Pundslettfjellet Sør
På Hamran
På Hamran
På Pundslettfjellet Øst
På Pundslettfjellet Øst

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.