Elgen ved Elgsnes (07.10.2018)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 2h 00min
Distance 6.0km
Vertical meters 518m
GPS
Ascents Elgen (534m) 07.10.2018 13:47

Etter mange dagar med turar, ynskja vi ein kortare tur i dag. Valet fall på Elgen langt nord i Harstad. På vegen over Aunfjellet, som går opp mot 340moh, var det skikkeleg vinterføre. Vi parkerte ved kyrkja Hans Egedes Minne, og gjekk i veg på traktorvegen oppover. Like etter sterten på traktorvegen var det ein bonde som har dumpa gammal silo, noko som ga ein ganske vond lukt eit lite stykke. På omtrent høgaste punkt på traktorvegen, tok råket mot toppen av. Vi følgde to ulike, men like gode, råk opp og ned, ingen av råka følgjer det som er teikna inn på kartet. Da vi kom over skogen og opp på ryggen vart det verkeleg flott. Snøgrensa var låg, snøen var på om lag 200moh. I dag møtte vi fleire folk på tur, Elgen er nok eit populært turmål. Ikkje rart, det var ein flott tur.

Kyrkja Hans Egedes Minne
Kyrkja Hans Egedes Minne
Elgen frå parkeringa
Elgen frå parkeringa
På veg oppover
På veg oppover
Toppaksla på Grytøya
Toppaksla på Grytøya
Elgsnes
Elgsnes
Fleire folk på toppen
Fleire folk på toppen
Toppvarden
Toppvarden
Grytøya
Grytøya
Elgen
Elgen
Elgen
Elgen
Elgen
Elgen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.