Frå fv 43 ved Snartemo kjørte eg over brua rett nord for jernbanebrua og parkert i den første skarpe svingen. Derfrå gjekk eg oppover på grusvegen der det var skilta tursti til Stakksteinsliknuten. Tok avstikkere opp til Ørnehei og Loneheia som ikkje har sti. Grusvegen går heilt til topps på Stakksteinsliknuten der det er ein meteorologisk radar som ses som ein kvit kuppel på avstand. Det er også sikteskive og vardebok på toppen. Ikkje dei heilt store besøkstala sjøl om dette er ein lett tilgjengelig topp takka vere vegen. Denne toppen må nok inn på listene over signaltopper med vei og sikteskiver. Kunne bl.a sjå Voreknuten i Lund og Skykula i Bjerkreim. Etter ein lang pause i varmt ver gjekk eg over Storskorshei som bare er 3 m lågare enn Stakksteinsliknuten. Fulgte så grusvegen ned igjen.
User comments