Hadde ein post igjen på Titur Indre Sunnfjord turlag og det var Longevasshytta. Eg fann difor ut at eg skulle ta ei alternativ rute med nokre toppar i tillegg. Det blei ein langtur med utgangspunkt i ruta som er beskriven i Oppturboka. Ein tur eg har tenkt på i lengre tid. Flott utsikt heile vegen. Nokre snøfenner, som var greie å gå på då dei var passe mjuke utan å gå gjennom. Noke utfordrande då det eg trudde var gode sko, viste seg å ikkje være så gode for ein tur på ca 3 mil. Jaja. Noke lærdom må ein jo ha. :)
User comments