Flott finvêrstur langt inn i Jørpelandsheia, snaue 5 ½ timar på tur. Start frå Liarvatnet, inn Småsildalen og opp på nordsida. Ned Gudbrandsdalen til Holmavatnet, opp til toppen av Ospeskardet og så stilaust og tidvis bratt til topps på Liaknuten. Spennande topp både med vegval, småklyving og kanonfin utsikt. Panorama over den indre heia med kjende toppar og vatn. Fekk med meg begge toppunkta og dermed utsikten mot Øyavatnet og Kvelven.
Tilbake same veg, og oppom Hamrane før nedstigning til utløpet av Holmavatnet. Dette skulle eigentleg ha vore ein rundtur om Svartavassknuten, men grunna sein start var det tryggast å venta med den, dersom mørkna skulle bli eit problem. Alle dei turane eg har starta innover Småsildalen, så var faktisk dette første gangen eg gjekk han på heimveg. At Jørpelandsheia er kupert, vitnar denne turen om med sine ca. 900 høgdemeter!
User comments