Storebræa (21.01.2018)

Written by skarvet

Start point Randan (975m)
Characteristic Ski trip
Duration 6h 00min
Distance 20.0km
Vertical meters 650m
Map
Ascents Lauvdalsbrea (1,598m) 21.01.2018

Med strålande vèrmelding for dagen, hadde eg Bræa i tankane, men føret var tungt med laus snø og ingen løype så turen innover vart slitsam. Oppe i Bræadalen gjorde eg nokre vurderingar. Med det lause føret, hadde eg bestemt meg for at eg ville gå i same løypa attende, då kunne eg vurdere ein rundtur oppå Bræa og koma nedatt i Bræadalen. Eg vurderte nøye snøforholda der eg hadde tenkt å løype ned, så gjekk eg opp Bræadalen og opp på Bræa frå nordsida. Her var det lite snø oppå steinane, så det var like greit å ikkje løype ned att her, sjølv om eg ikkje hadde noko formeining om at det var betre andre stader.
Frå toppen løypte eg Bræa på langs og ned att i Bræadalen. Skia fekk nok nærkontakt med nokre steinar, men ikkje meir enn ein må rekne med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.