Peakbooktreff i Sæbø. Vi var heldige og fekk plass på tur søndagen og, til Molladalen. Vi gjekk opp og ned stien frå parkeringa i enden av vegen ved Barstadsætra. Det var strålande sol heile vegen opp. Vi gjekk opp Mohnsrenna, der vi måtte på med hjelmane pga. rasfare (stein). Då vi kom opp til Bladet, var det ganske lang ventetid, så 4 av oss i følget gjekk på Mohns Topp medan vi venta. Der var det litt luftig! 500fjell var turleiar - han gjorde ein god jobb!
Eg prøvde klatring og rappellering for første gong - spennande!! Er ganske stolt av at eg kom med heilt opp på toppen, sjølv om det var ganske vanskeleg då det nærma seg toppen.
User comments