Raskiftet (24.09.2017)  2

Written by bakken59 GSM

Duration 1h 22min
Distance 6.6km
Vertical meters 242m
GPS
Ascents Raskiftet Sør (807m) 24.09.2017 14:14
Raskiftet (810m) 24.09.2017 14:19
Visits of other PBEs Raskiftet parkering (585m) 24.09.2017 13:33

Ikkje ein heilt optimal tur, litt dårleg planlagt, og dessutan blei jo ikkje den 200. toppen ein kremtopp som eg hadde tenkt. Men: Ser av helgene at eg ikkje har høve til å gå fleire kommunetoppar på denne sida av snøsesongen - med unnatak for Herkelås som eg må ta om att, og om ikkje eg då mot formodning skulle greie å setje av ei novemberhelg i Agder. Ser ikkje så lovande ut når eg ser på kalenderen. Og denne sundagen såg plutseleg heilt ledig ut, og ingen krav på meg i nokon retning til å gjere fornuftigare ting, så eg drog av garde for å ta dei to siste i overkomeleg avstand i Hedmark (manglar også Sålekinna, men vurderer ikkje den som ein dagstur frå Oslo, må vente til sommaren på veg ein annan stad).
Blei litt tull med utskriftsfunksjonen her heime, så eg fekk ut Solas rapport og kart til Raskiftet, men ikkje noko meir. Og då eg kom til Osensjøen og skulle skru på Geoviewer som eg var så strålande nøgd med sist, så fekk eg ikkje liv i appen. Og gps-en hadde eg ikkje tatt med meg. Dårleg utstyrt rett og slett! Eg tulla veldig bortover desse grusvegane og avkjørslane til venstre, og det var ikkje før eg kom på ut-appen, at eg blei sikker på kva for avkøyrsel som var den rette, sjølv om Sola som vanleg gir veldig presise køyreråd. Men denne gongen stemte det ikkje ordentleg. Til dykk som kjem her neste gong. Avkjørselen til venstre som er merkt Hanestad er den siste før den vegen til venstre som ein skal ta og der ein skal parkere ved Gransetra. Problemet er jo at det står innkjørsel forbode på eit skilt som er skote på med hagle, og at bommen blir låst utan varsel. Den stod open i dag. Eg køyrde opp litt med hjartet i halsen - redd for å bli innestengt, og barskare blei eg ikkje av alt hundeglammet og skota oppe i skogen då eg hadde parkert - litt lengre oppe i vegen. Elgjakt sjølvsagt! Eg hadde neonfarga jakka på meg, så det var bra, men var ikkje så høg i hatten. For oppover så langt vegen gjekk, så over på stig, og så busha eg opp frå myra med fleire små dammar. Stor og gedigen nedtur då eg kom opp - til veg og anleggsområde (sjå bilete) på toppen. Veldig i stuss om kva dette var for anlegg på toppen av Raskiftet, men seinare langs vestre sida av Osensjøen såg eg eit skilt og avstikkarveg som sa Raskiftet vindmøllepark, så kanskje er det det dei byggjer her oppe. Det får følgjer for adkomst, no kan ein faktisk køyre eller sykle heilt til topps! Fann toppen greitt, og svingte innom det høgste punktet før eg litt stressa småsprang nedover. Tenkte at om bilen som stod parkert der traktorvegen gjekk over til stig, framleis stod der, ville ikkje bommen vere låst. Der stod den heldigvis, og eg unngjekk også elg og elgjegarar, men hundeglam og skot høyrde eg aust for vegen på veg ned også. Blei dyvåt på beina, men gjorde ikkje noko med det på veg vidare til Kjølberget. Sparte skiftet eg hadde med til etter neste topp. Brukte 1 tim og 20 minutt opp og ned.6,8 km, og 274 hm. Grått ver, liten sikt. Gjekk aleine.

Brukte <gallery>
image:bakken59_20170924_59c8036b1c5a6.jpg
image:bakken59_20170924_59c8037099e6f.jpg
image:bakken59_20170924_59c803769c055.jpg
image:bakken59_20170924_59c8037b9a43d.jpg
</gallery>

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.