Vanylven: Kyrnosa, Vaulsnipa og Austelidheida (21.08.2017)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Austelidheida (645m) 21.08.2017
Bekslehornet (606m) 21.08.2017
Kyrnosa (617m) 21.08.2017
Smalenyken (633m) 21.08.2017
Snøskarfjellet (563m) 21.08.2017
Nipa (537m) 21.08.2017

Med lavt skydekke og usikre meldingar dei fleste plassar var dagen eit ypperleg høve til å få unna nokre Vanylvstoppar heilt i sørvest-hjørnet av Sunnmørslista. Som lova vart skydekket stadig lettare utover kvelden og høgt nok til at "mine" toppar kom unna.

Parkerte på p-lomma rett etter Bekslesætra og fulgte den godt merka, men svært våte og myrlendte "stien" til Kyrnosa. Tilbake til krysset der det var godt merka i retning Vaulsnipa. Merkinga var kjekk å ha sidan det vegeterte terrenget ikkje så lett let seg lage rås i og trafikken nok ikkje er den største. Frå Vaulsnipa valde eg å gå rett ned mot hovudvegen heller enn det kuperte terrenget tilbake over åskammen. Sparte nok eindel tid på det.

Frå Bekslesætra går det kjapt på kjekkare og like godt merka rås til Austelidheida, så kan ein gå høgste egga tilbake på like god og merka rås og få med seg nokre småtoppar som bonus.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.