Tur til Rendalen - Tissvola m.f. (18.07.2017)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Trønneskampen (813m) | 18.07.2017 14:22 |
---|---|---|
Tissvola (1,205m) | 18.07.2017 17:00 | |
Envola (919m) | 18.07.2017 18:29 |
Tur til Rendalen
Kristine og eg har lengje snakka om å reise åt Rendalen, og om å gå på Sølen. Måndag såg vi at det var spådd fint vêr, så vi fann ut at dette var veka å gjere det. Tysdag formiddag køyrde vi i veg mot Rendalen.
Trønneskampen
Første stopp på vegen vart i bakkane ned mot Bergset, der gjekk vi på Trønneskampen. Greitt, men bratt, råk heile vegen opp til toppen. Litt utsikt gjennom skodda. Etter turen køyrde vi ned til Bergset.
Tissvola
Frå Bergset køyrde vi til Østagrenda, og inn bomvegen til Fiskevollen. Vi tok av inn mot Mistdalen, og vi parkerte på Mistdalen seter. Derifrå gjekk vi på Tissvola. Vi følgde råket mot Sølen eit godt stykke, før vi gjekk opp på Tissvola i frå nord. Vi sykla ein del av vegen, det var kjekt.
Envola
Den tredje og siste turen denne dagen vart Envola. Vi køyrde atteiner frå Mistdalen, og parkerte ved eit skilt mot Envola. Derifrå var det godt råk til ein kom opp på høgda, men til toppen var det ikkje råk. Likevel var det fint å gå til toppunktet. Etter turen køyrde vi inn til Nysetra, der vi overnatta i telt.
User comments