Gjegningheia (27.06.2017)
Written by kolla (Kolbjørn Tjessem)
Ascents | Gjegningheia (553m) | 27.06.2017 |
---|---|---|
Gullbergknuden (485m) | 27.06.2017 | |
Rotneknuten (525m) | 27.06.2017 | |
Solknuden (422m) | 27.06.2017 | |
Storeknuten (471m) | 27.06.2017 | |
Surteknuten (469m) | 27.06.2017 | |
Visits of other PBEs | Gursli Gruver (340m) | 27.06.2017 |
Hattesteinen (512m) | 27.06.2017 | |
Lilandsgruvene (400m) | 27.06.2017 |
Parkerte på skilta p-plass litt sør for Gursligardane. Gjekk på god taktorveg et stykke oppover mot Gullvatnet. Fulgte så merka sti til Gullbergknuden som har eit par klyvepunkt i vestsida med utlagt vaier til å halde seg i. Flott utsiktstopp med vardebok. Vidare vestover er det merka sti til Hattesteinen og Gjegningheia, men stien blei stadig meir utydelig så eg mista den i det høge graset. Hattesteinen var dog godt synlig på avstand så lett å finne fram. Det er to steiner som ligger oppå kvarandre på ein fjellrygg. Gjekk så opp på Jegningsknuten som og har vardebok, og hadde der ein lengre pause. Herfrå gjekk eg på merka og tydelig sti ned til Gullvatnet og Gursligruvene. Gjekk ikkje inn i gruvene, men var der på omvisning i februar 2011. Då var det store istapper ved gruveinngangane.
Frå vestenden av Gullvatnet er det merka sti både langs nord- og sørsida av vatnet til Gursli, men eg gjekk vidare sørover opp på Surteknuten. Denne toppen er ifølge ØK 3 m lågare enn oppgitt på 1:50'. Gjekk så nordaustover til Storeknuten før eg gjekk sørover langs Langvatnet til Lilandsgruvene. Desse gruvene inneholder Molybden og var i drift rundt 1. verdenskrig. Frå denne gruva går det grusveg som eg fulgte ned til fylkesvegen. Tok så ein tur oppom Solknuden som har to omtrent like høge topper. Sørtoppen er nok hårfint høgast. Gjekk til slutt fylkesvegen ned til Gursli.
User comments