Sykkylven: Keipen og Litlehornet (11.06.2017)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Bom Riksemdalen (70m)
Endpoint Bom Riksemdalen (70m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 04min
Distance 15.9km
Vertical meters 1,264m
GPS
Ascents Keipen (1,126m) 11.06.2017
Litlehornet (1,198m) 11.06.2017

Sunnmøre pf 100 516/519
Eit lite minirykk på Sunnmørslista denne helga då 2 av resterande 5 vart kryssa av. Snart 3 år sidan forrige topp på Sunnmøre!
Vi fekk lurt til bubilen rett før bommen til Riksemdalen. Ein trimmar som kom forbi kunne betrygge oss med at det var berre vennlegsinna folk i området, så vi kunne stå på avkjøyrsla på høgre sida av vegen. Herifrå til veis ende var det drygt 6 km og vi gjekk på 1.17 i roleg tempo. Skifta om frå joggesko til fjellsko og gjøymde joggisane under ein stein. Kjempeflott ver etter kvart, men tydeleg at det var ein del vind i høgda. Gjekk først forbi hytta mot vatnet, og så bratt oppover sida mot skaret mellom Litlehornet og Keipen. Ryggane til begge toppae innbyr til klyving, vanskegrada kan ein delvis bestemme sjølv. Frå Litlehornet kunne vi sjå bygene fleire stader rundt oss, så vi tok ein kjapp nedfart langs rennesystema mot Storvatnet. Her låg det fine snøtarmar som vi utnytta max. Så då var det berre å rusle ned den smådryge etappen til bilen igjen. Her skal vi opp ein gong til, Synnavindsnipa.

Frå Riksemdalen mot gårsdagens bestigning Hundatinden.
Frå Riksemdalen mot gårsdagens bestigning Hundatinden.
Mot Synnavindsnipa
Mot Synnavindsnipa
Vi er ved veis ende og ser mot Keipen/Litlehornet
Vi er ved veis ende og ser mot Keipen/Litlehornet
Tårnet og Tungremstindane
Tårnet og Tungremstindane
Stokkfonntinden midt i bildet... trur det er den til venstre av dei 3. Men kva er pf på desse 3 nabbane? Puhhh ikkje lett å finne utav.
Stokkfonntinden midt i bildet... trur det er den til venstre av dei 3. Men kva er pf på desse 3 nabbane? Puhhh ikkje lett å finne utav.
Kjetil har klyvra opp på høgste punktet på Keipen.
Kjetil har klyvra opp på høgste punktet på Keipen.
Mykje spennande klyving og veivalg mot Litlehornet. Retur la vi rett ned rennesystema.
Mykje spennande klyving og veivalg mot Litlehornet. Retur la vi rett ned rennesystema.
Kjetil på Litlehornet 1198. Bak ser vi Trollkyrkja/Trollkyrkjetindane
Kjetil på Litlehornet 1198. Bak ser vi Trollkyrkja/Trollkyrkjetindane

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.