Ymse rask (11.02.2017)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Benkehøa (1,943m) 11.02.2017
Benkehøa Nord (1,943m) 11.02.2017
Storhøa (1,921m) 11.02.2017
Sørvest for Storhøa (1,876m) 11.02.2017
Trollkyrkja (1,888m) 11.02.2017

Med fullmånehelg i vente var det berre å byrje å studere kartet for turprosjekt. Hadde ei ståande avtale med Jørn og Janne, men nokre dagar før helga tok over tikka det inn ei melding frå Øyvind. Han og Jan Petter ville til Tafjordfjella og verken eg, Jørn eller Janne var vanskelege å overtale. Øyvind plukka meg opp i Tigerstaden og så rulla Øyvinds herregardsvogn nordover mens vi diskuterte 60-tallets fransk impresjonistisk teater, Art nouveau og makroøkonomi i eit mikrosystem (eller var det fjell, fjell og fjell?).
Vi la inn ei overnatting på Sjoa der også Jørn dukka opp. Vi byrja kvelden med å diskutere forma framfor helgas stortur og det var vist ingen av oss som var noko mindre enn dausjuke og dei verst stilte hadde vært i grava både to og tre gonger, men blitt dratt oppatt av ymse forskjellige årsakar.
Det vart brent pizza og skravling nesten ut i dei små timar før vi kraup til køys. Eg fekk eine soverommet, mens Jørn og Øyvind kosa seg i dobbeltsenga på andre rommet.

Guttaboys! Den ein med henda forskriftsmessig over dyne(sovepose)kanten. Den andre, vel...Han har iallefall eit salig glis...
Guttaboys! Den ein med henda forskriftsmessig over dyne(sovepose)kanten. Den andre, vel...Han har iallefall eit salig glis...
Snaue fem timar seinare var det slutt på søvnen for meg. Frokost vart lagt på Statoil Dombås for å spare litt tid før vi køyrte inn til Brøste. Der stod allereie Jan Petter og Janne å hutra og fraus i tretten blå. Ny kulderekord denne vinteren...
Vi diskuterte litt ruteval før vi vart einige om å gå rett på. Jørn leia an oppover i svært godt tempo. Ironisk nok vart han den fyrste til å klage på tempoet etter at han sjølv la lista.

Etter dei fyrste 600 høgdemetrane syntes ikkje Jan Petter det var nok så han fekk med Janne og Øyvind på litt ekstra over Grønhøa. Eg og Jørn valde ei enkel runde rundt, men fekk beskjed om at det var konkurranse om å koma fyrst til andre sida. På veg rundt fekk eg også det fyrste glimt av Dønttinden. Eit mektig syn, men Jørn var berre måteleg imponert. Det var diverre ikkje Dønttinden sin beste side som viste seg så sjølv om den dukka opp med jamne mellomrom utover dagen følte eg ikkje for å utbasunere det for gruppa. For kven har vel lyst til å vise fram dama si på ein dårleg dag i grelt mårraljos?
Dønttinden
Dønttinden
For eit fjell
For eit fjell
For nokre former
For nokre former
For nokre linjer
For nokre linjer
London & Roma my ass...
London & Roma my ass...
...Sjå Dønttinden og døy!
...Sjå Dønttinden og døy!
Sjølvsagt kom vi fyrst med god margin utan å stresse. Sinkane hadde sjølvsagt unnskyldningane klare da dei hadde gått på ein luretopp og det ikkje var måte på kor mange ekstra hundre høgdemeter den hadde kosta dei.
Oppover mot Storhøa var det to i front som glei lett og ledig opp mens resten av laget hangla bak og trengte både vinter og vår for å nå toppen. Nede i sida var det god påskestemning og vi satsa på same forhold på toppen og ei lengre matpause der. Ein sur og kald vind snaut oss imidlertid for den opplevinga. Toppstoppen vart dimed ikkje lengre enn høgst nødvendig. Var spent på snøforholda nedatt få Storhøa, men dei viste seg å være greie. Deler av laget valde skibæring nedover nedover gjennom steinura mens eg og Jan Petter glei greitt ned ved sidan av.
HardCore skier og WannaBe skiers.
HardCore skier og WannaBe skiers.
Siste rest av drekke på dei fleste...
Siste rest av drekke på dei fleste...
Og utan mat og drikke...

Jørn visar seg som ein sann gentleman, kvar mann sin topp.
Og utan mat og drikke... Jørn visar seg som ein sann gentleman, kvar mann sin topp.

Det tok ikkje lang tid før vi var klare for Trollkyrkja og her måtte det litt skibæring til over brattaste kneika. Lengre fotosession på toppen da ein av nerdetullingane i laget fant det for godt å kommentere: Ser ikkje det punktet der borte litt høgare ut da?
Gruppa kikka samstundes bort og før eg fekk opp kamera var allereie resten av gruppa halvvegs på veg bort.

Trollkyrkja beseira, eller...
Trollkyrkja beseira, eller...

Nedatt frå Trollkyrkja gjekk det radig. Dei fleste i gruppa tok av seg skia gjennom ura på det brattaste, men den mest eigne/eigna i gruppa køyrte ski heile vegen ned.
Tok ei meget kjapp matpause der vi hadde sett att sekkane før vi sklei vidare ned mot Benkehø i ein byrjande solnedgang. Med eit par representantar i front på veg inn i eit stort uberørt silkekvitt område under ein gryande solnedgangvart det atskillige fotostopp nedover.
Berre opp dit?
Lett!
Berre opp dit? Lett!
Vi tok oss kjapt opp på skuldra til Benkehø der ein stor kampestein låg lagleg til for fotoapparata våre.
Synfaring av ruta vidare såg ikkje avskrekkande ut. Det skulle vise seg å bli ei feilbedømming på linje med plateselskapa som ikkje ville signere The Beatles og Adolfs inntog i Sovjetunionen...
Ei flate fyrst gjekk radig unna før bakken byrja, og fortsette... og fortsette... og fortsette...
Eg forsøkte fyrst å henge på Janne, men etter 100 meter vurderte eg det som meir interessant å halde meg framfor Øyvind. Ganske raskt innsåg eg at også det var eit lite gjevande mål så eg bestemte meg for å forsøke å halde Jørn & Jan Petter frå livet istaden.
Det vart dei lengste 300 høgdemetrane eg nokon gong har gått.
Heile vegen oppover kikka eg etter månen som snart burde dukke opp. Kom opp på toppen til Janne og Øyvind utan at Fru Luna hadde vist seg så eg luska vidare til b-toppen. Der samla etterkvart heile gruppa seg og omtrent samstundes med at sistemann entra toppen fekk ein av toppane over mot Bjorliområdet ein skinnande skalk på seg. Skalken vaks og stemninga i gruppa reiste seg til euforiske høgder. kameraklikking og superlativ truga med å overdøyve kvarandre og siste bakken var forlengst gløymd. Den som måtta ha hatt noko som helst tvil om kvifor vi praktiserar denne sjølvpininga mens vi sleit oss oppover sida fekk alle svara no.
Blå/oransje solnedgang i vest, artige skyformasjonar i nord og Fru Luna i fri utfolding i aust. Magisk!

Sidan dei fleste var tome for både vått og tørt vart det fokusert på ferda vidare. Sjølv om månen var oppe var det ikkje nok til å ljose opp sida nedover så hovudlykt måtte til. navigeringa gjekk på kart, GPS og blind gjetting, men vi kom oss ned med berre eit par mindre feilskjær. Det var ikkje mange kilometrane frå toppen til Puttbu, men med litt dårleg sikt og mange navigeringskonsultasjonar gjekk klokka fort. Ordentleg måneljost vart det fyrst nede i Puttdalen.
Vi innlosjerte oss på den minste DNT hytta og fekk fort liv i omnen. Matkammeret vart raida og whisky spretta før folket fant roen. Ymse turar og turprosjekt vart diskutert, dagens tur analysert og disektert og utover kvelden kunne ein høyre stemma til mange kjente peakbookarar. Vi var berre fem på tur, men det var minst det dobbelte som "slang innom" iløpet av kvelden.
Men også gode kveldar har ein ende og etterkvart kraup vi opp til badstova oppe på hemsen. Frykta for å fryse gjennom natta var iallefall svært bortkasta.

Vakna neste morgon av lydar frå stova og venta taktisk bedageleg til det var ein god lunk i rommet. Det vart ein lang og enkel frokost før vi la i veg. Jan Petter og Øyvind hadde sine prosjekt for dagen mens eg Jørn og Janne måtte utatt.
Vi byrja turen i strålande sol, men allereie eit kvarter seinare var alt flatt og grått. Eit par timars tid seinare var vi framme ved bilane. Esso Burger Lom vart denne gongen erstatta med Bjorli Burger.
Turen gjekk vidare nedover dalen mens Jørn satt og skraut av korleis han hadde parkert både den eine og den andre på Oppland Pf. 250 lista. Det var vist ikkje måte på korleis dei hengerumpane, sengevætarane og dåsemiklane berre skulle få sjå ryggen hans mens han cruisa inn resten av lista. Humøret sank imidlertid eit par hakk da sportsresultata for Norgeselita byrja å tikke inn utover dagen...

User comments

  • -
    avatar

    B-gjengen

    Written by Eikås 02.04.2017 18:12

    Takk for sist og fin tur :) Fin rapport og temmelig mange legendariske bilder av ymse rask! :) Var litt spent på den tittelen til rapporten :) Ei furie passer vel for så vidt godt ilag med ymse rask :)

    • -
      avatar

      Sv: B-gjengen

      Written by Garm 03.04.2017 23:07

      Fi**ern! Hadde gløymd den overskrifta, men kan fortsatt redigere... :)

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 30.03.2017 21:05

    Herlig skildring som vanlig. Kjenner suget etter en real langtur i godt lag snart :-)

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by Garm 31.03.2017 16:02

      Veit ikkje kven som står for godt lag, men eg stillar gjerne opp som dårleg lag iallefall. :)

  • -
    avatar

    Fornøyelig

    Written by Atomsilda 29.03.2017 21:56

    Takk for en rapport som absolutt beskriver turen slik den var... humor...slit...samhold...glede... fleiping...tullprat...latter. Litt refleksjon over hva som driver en opp disse bakkene... til disse toppene. Når det gjelder den pf 250 lista er jeg nok litt mer ydmyk... ;) Blir nok vippet av tronen etterhvert. Begynner å bli gammel vet du. Vel...snart ny tur sammen Garm.

    • -
      avatar

      Sv: Ny tur

      Written by Garm 29.03.2017 22:02

      Bestill litt godvær til påska så skal ikkje eg være vond å be. :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.