Endelig Sunndalsis: Vårløysinga WI4 250m (12.03.2017)
Written by kobbenes (Kristian Starheim)
Start point | Musgjerd, Sunndal |
---|---|
Endpoint | Musgjerd, Sunndal |
Characteristic | Alpine climbing |
Duration | 11h 00min |
Map |
![]() |
Visits of other PBEs | Musgjerd Isklatring (200m) | 12.03.2017 |
---|
Isklatreføraren for Oppdal og Sunndal har lenge vore vel utslitt heime hjå oss - ikkje fordi eg har klatra så mange av rutene i den, men fordi eg har lest og drøymt så mykje om Sunndalen. Oppdal er fint, men Sunndalen er Go Large! Spenninga var difor stor når eg denne helga fekk med meg Pål Christian på klatrehelg til Nordmøre!
Då vi køyrde gjennom dalen vart det klart at Sunndalen ikkje berre er Go Large - det er GO LARGE!!! Eg har ikkje vore her sidan eg byrja å klatre is, men dette er jo som to Yosemite stabla på toppen av kvarandre! Den ferske kuldeperioden hadde ført til isdanning over alt, men vårsola hadde stort sett tatt knekken på alt solvendt, og kraftig påverka det som låg i skuggen. Så då vi køyrde gjennom Dalen søndag morgon trudde eg eigentlig vi kom til å ende i Drivdalen.
Men på Rofmo og Ottem er det ei stor nordvendt side med mange isar. Fleire av gjela såg fine ut, og slettes ikkje så avskrekkande. Eg fekk auge på eit med ein fin is som røyste seg mot slutten, og med kort anmarsj. Kunne vi ikkje prøve på den då? Ja, det gjer vi!
Vi åt nokon skjever, tok ein slurk vatn, racka opp, og labba avgårde litt etter klokka 10 om morgonen. Mat, drikke og hovudlykt lot vi vere att i bilen. Kor lang kunne isen vere? Kanskje tre lengder?
Anmarsjen var kort - dette var det einaste som var kort denne dagen. Først var det ein intro-is med svært variabel iskvalitet i mildværet (WI3 25m).

Så labba vi vidare for å sjå på hovedisen. Denne hadde vore meir skjerma og hadde bedre kvalitet. Eg gikk først ut tauet på opptaksvis is (WI3, 60m). Pål Christian kom etter, og gikk 10-15 meter vidare til ei god hylle for litt bedre standplass.
Neste lengde byrja med eit artig bratt parti på litt smal is (WI4) før diverse lettare opptak (60m). Pål Christian gikk vidare 40 m og satte standplass rett under bratta (WI3-, 40m).
Det gleda meg å sjå at bratta ikkje var så bratt som først frykta. Dette skulle eg klare. Men isen hadde allereide vore lenger enn vi trudde, så det byrja å ane meg at omfanget på turen var større enn først antatt.
Eg byrja på bratta. Denne var jo ikkje så bratt, men innmari vedvarande. Eg skrudde kanskje kvar 5te meter. Eg håpa å kome opp til ei lita hylle midt i bratta, men eg enda med å setje hengande standplass litt før då eg berre hadde standplass-skruar att, og ikkje ville gå lenger over førre skrue. Pål Christian fikk kraftig krampe i leggane opp bratta, så vi enda med å flytte standplassen til hylla 5 meter lenger oppe. Alt dette tok sjølvsagt tid, men det var deilig å kunne stå skikkelig. Eg hadde no byrja å bli gira på å kome meg opp og byrje på nedturen.
Neste lengde var enklare, først WI3+ eit stykke før det la seg litt. Eg gikk etter kvart ganske tom for sikringar, og sikta meg inn på det som såg ut som ei hylle der vi kanskje kunne gå ut av isen. Dette var inga hylle, så etter ein del knoting jobba eg meg ut på sida, inn i eit terreng av bratt lyng og mindre isar. Her fekk eg sett ein slags standplass. Pål Christian byrja no å bli rimelig pumpa, men vi var i alle fall ute av isen.
No var det berre litt lyng-basking, så var vi ferdige. Trudde eg. Her var det bratt, og både is, snø og lyng hadde tvilsom holdbarhet. Men etter prøving av litt ulike moglegheiter fann eg ein farbar veg opp til ein kampestein med nokre bjørker på.
No byrja det faktisk å mørkne. Kva er klokka? Det blir jo ikkje mørkt før i 7-tida! Klokka er (TATA!) 18:40. Shit! Vi har ikkje med hovudlykter. Eg vart ikkje mindre stressa av dette.
Synet av Pål Christian i tussmørket med mørke solbriller hadde likevel ei viss underholdande effekt. Han hadde tatt dei på i dag tidlig for ikkje å få is i augene, og hadde no gløymt å ta dei av. Han var einig i at det hadde blitt veldig mørkt. Slik det brukar å vere i midten av mars klokka 20:00. Med solbriller
Men, så kom månen opp bak fjella og lyste opp Sunndalen i bleikblått lys. Heilt mørkt kom det ikkje til å bli.
Vi hadde eit bilete av isen på kameraet mitt, så vi brukte det for å navigere oss ned sida. Terrenget var komplekst, med til dels høge stup som vi måtte unngå. Men ved å følge egga rett på høgresida (sett nedanfrå) av kløfta isen gikk i så fekk vi hyller med busker og tre heile vegen ned.
Det tok likevel tid, for det var tross alt mørkt, vi var begge slitne, og alt skulle gjerast riktig. Det var ei deilig kjensle å koble seg ut av tauet på snøfeltet under bratta. Vi rusla ned til intro-isen. Denne kunne omgåast lett på sida. Her pakka vi saman taua og rusla 20 minutt tilbake til bilen, der vi var klokka 23:30.
Gjett om den literen med sjokomelk smakte godt!
Då vi såg opp på isen forstod vi ikkje korleis vi kunne ha tenkt at dette var ein kort tur. Isen var jo kjempelang! Einaste forklaringa må vere at ein blir blind på proposjonane i Sunndalen. Når alt er digert mister ein perspektivet.
Litt ettertanke
Det var ingen tvil om at vi grovt feilvurderte omfanget av turen. Når det er sagt tok vi heile tida løpande vurdering av situasjonen. Isen var grei og klatre heile vegen. Eg gjorde stort sett ledarbeidet, og dette var heile tida innanfor. Men det var slitsomt å vere så lenge i den skarpe enden. Det var også slitsomt å lure på om vi kom til å gjere dei gode valga. Det er noko heilt anna å gå ei ukjent rute enn å ha sett det i ein førar. Eg er nok ein type som bekymrar meg lett, og denne dagen fekk eg logga nokon bekymringstimar, for å seie det slik. Vi var aldri i fare, og vi hadde alltid alternativ. Men turen var langt meir seriøs med fleire ukjende element enn det eg har gjort før. Å rappellere ned ei stupbratt fjellside i mørkret er ikkje ein kjempeavslappande situasjon. Det får ein berre ta med seg vidare.
Eg er også mektig imponert over Pål Christian på denne turen. Han kan vel kanskje telle på ei hand kor mange gongar han har isklatra i sitt liv. Då er det klart at ein blir gåen og at ting tar tid. Men når det først vart som det vart kan ein knapt ha ein meir positiv klatrepartner! Han gav jernet, og holdt roen og spiriten heile dagen. Til slutt kvitterte han med å køyre heile vegen til Trondheim i eit strekk!
Vi har ikkje sett nokon andre bestigningar av denne ruta, men eg ser ikkje vekk frå at den har vore gått - det er ei rimelig opplagt linje. Men, om ingen melder seg så kallar vi den Vårløysinga
User comments
Epic!
Written by SturlaS 14.03.2017 19:46Grattis med en episk klatretur med mye lærdom og artige opplevelser! Sprekt å drive nybråttsarbeid med fersk partner.
Du får høre med Rune på VPG om dere får tikka en FA.
PS. Husk å legge ut et PB-element på klatreruta.
Sv: Epic!
Written by kobbenes 14.03.2017 19:58Takk for det! Denne vert ståande som ein av dei dagane ja. Svært stort pensum :-)
Eg og PC klatra kongsvollfossen 5 timar bil til bil i haust, så eg visste jo at han hadde talent. Det viktigaste denne gongen var nok likevel at han er ein ukuelig optimist!
Eg har vore i kontakt med Joakim Eide på Alpinist.no om logging, men eg kan høyre med Rune også. Hadde jo vore ekstra artig om det var nytur.
Lurte litt på dette med PB-element. Eg såg 500fjell ikkje hadde ført inn Snøvasskjærdingane på turen sin, og eg tenkte med meg at skal alle ruter merkast så blir heile sunndalen eit einaste peakbook-element. Men eg fører den gjerne inn om eg berre finn ut nøyaktig kvar den er på kartet ;-)
Tommel opp!
Written by kristoffergh88 14.03.2017 10:37Artig lesing! :)
Sv: Tommel opp!
Written by kobbenes 14.03.2017 10:48takker :-)
Sunndalen Vill og Vakker.
Written by BjørnF 14.03.2017 08:20Sunndalen har noe for de fleste og særlig når det gjelder bratt. Artig å lese rapporter selv om jeg aldri har klatra på is og heller aldri skal gjøre det. Bra du er dreven og vet hva du gjør.
Sv: Sunndalen Vill og Vakker.
Written by kobbenes 14.03.2017 10:47Vill og vakker ja. Ein skal ha respekt for elementa på ein slik stad. Eg kjende at eg fekk bruk for alle mine ferdigheiter på denne turen. Det er slitsomt å holde konsentrasjonen heile dagen, men godt å kjenne at vi holdt oss trygge. Likevel er det alltid godt å kome ned frå bratta og kunne senke skuldrane.