Sissihøa og Kringsollen (02.10.2016)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Kløftet parkering (1,035m)
Endpoint Kløftet parkering (1,035m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 45min
Map
Ascents Kringsollen (1,580m) 02.10.2016
Nord for Kringsollen (1,548m) 02.10.2016
Sissihøa (1,621m) 02.10.2016
Sør for Sissihøa (1,540m) 02.10.2016

Kjørte den sjølbetjente bomvegen Loslivegen (40 kr) til Kløftet. Her var det god sti opp til Sissihøa. Då eg nærma meg toppen kom to stk nedover og det viste seg å vera Opps og Hjelmeland frå Oppdal som eg hadde truffe før, på Storsølnkletten i oktober 2012. Hyggelig gjensyn og me hadde ein fjellprat før me gjekk vidare kvar vår veg. Vel oppe på toppen signerte eg vardeboka, og mange hadde vore her denne fine sundagen. Otto og Innerdal hadde vore her to dager tidlegare. Etter ein pause på toppen gjekk eg vidare sørover til Kringsollen og så ned vestover langs Medlielva tilbake til Kløftet.

Ved Kløftet med Sissihøa i sikte i bakgrunnen.
Ved Kløftet med Sissihøa i sikte i bakgrunnen.
Opps og Hjelmeland med hundane sine ved Sissihøa.
Opps og Hjelmeland med hundane sine ved Sissihøa.
På Sissihøa med Trollheimen i bakgrunnen.
På Sissihøa med Trollheimen i bakgrunnen.
Sørvestover mot Dovre og Snøhetta i det fjerne.
Sørvestover mot Dovre og Snøhetta i det fjerne.
Den flotte verneverdige varden på Sissihøa.
Den flotte verneverdige varden på Sissihøa.
Plate på varden.
Plate på varden.
På Kringsollen mot Brattfonnhøa i sør.
På Kringsollen mot Brattfonnhøa i sør.
På veg ned frå Kringsollen mot Kløftet rett etter solnedgang.
På veg ned frå Kringsollen mot Kløftet rett etter solnedgang.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.