Rauma: Skjervan og Skarven (21.07.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Nysetra (360m)
Endpoint Nysetra (360m)
Characteristic Hillwalk
Duration 8h 05min
Distance 14.5km
Vertical meters 1,600m
Map
Ascents Mollavasstinden (1,336m) 21.07.2016
Skarven (1,099m) 21.07.2016
Skjervan (1,542m) 21.07.2016
Fantastisk dag på Skjervan 1545 moh.
Fantastisk dag på Skjervan 1545 moh.

Vi kjøyrde god grusvei/bomvei inn til inngjerda parkering ved Nysetra. Slo av ein prat med ei lokal dame på rundt 70 som hadde hatt formiddagstrimmen sin inn hit. Fann fram til Nysetra og den veldig gode stien langs kraftlinja oppover mot skaret. Denne stien går til Skarven. Vi gjekk først til Skjervan, hadde eg fått gjort dette omigjen hadde vi tatt Skarven først. Då kunne vi gått rett ned i dalen frå Skjervan og ut til parkeringa på sti.

Men uansett... vi gjekk sørover og peila oss inn på nordvestryggen til Mollavasstinden. Ei stikke med tusj "Dagsvatnet" på, eit par andre stikker med raud topp, og ei sløyfe i eit tre. Kvar denne merkinga tok veien veit vi ikkje. Bratt opp ur til 1340 moh. Vi hadde lite info om Skjervan og toppunktet, men visste det skulle gå greitt. Det nytta ikkje å gå rett på ryggen frå nord, vi måtte holde oss i vestsida til vi kom sørom toppunktet. Her såg vi ein varde som førte oss opp eit par artige klyveparti. Så var det lett på toppegga nokre meter nordover til postkassa og høgste punktet.

Returen la vi rett ned ca 200 hm mot dalen før vi tok fatt på ei endelaus ur mot kraftlinja. I skaret fekk vi fylle flaskene og sette igjen sekkane før vi gjekk mot Skarven. Kjetil drakk 5 liter vatn denne dagen. Skikkeleg svettebye på han. Frå Skarven god utsikt mot Åndalsnes, Isfjorden, Molde og mykje anna. Ein kjempedag i enorm varme. Vart avslutta med dusj og middag på Måna Camping.

User comments

  • -
    avatar

    Hei!

    Written by deleted user 28.06.2017 22:05

    For noen fantastiske bilder!

    Jeg og en kompis tenker oss på telttur et par-tre dager nå i juli og vi tenker å reise ned til møre og romsdal (vi er fra namsos). Jeg har lest og sett en del på Skjervan men vet ikke helt hvor godt egnet fjellet er for telt. er det en dårlig idé(bilde 9 og 10 lyver kanskje litt om hvordan terrenget er)? har du evt. noen andre forslag?(en mulighet er å sette opp camp et stykke før toppen)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.