Sunndal: Blåhøa, Gammelseterhaugen og Hælfjellet (10.07.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point 3 ulike
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 35min
Distance 23.5km
Vertical meters 1,710m
Map
Ascents Blåhøa (1,428m) 10.07.2015
Gammelseterhaugen (1,330m) 10.07.2015
Hælfjellet (1,197m) 10.07.2015

Kom frå Oppdal der det hadde blitt ein vel sein kveld hos Johan med mengder med kart og turplanlegging kombinert med leskedrikk. Skodda låg nedpå fjella, så eg blinka meg ut tre enkle turar.

1. Blåhøa. Parkerte eit lite stykke før Vangshaugen, der det er merka til Grøvudalen/Raubergshytta. Fulgte god sti oppover og tok av til venstre der den deler seg på ca 1150 moh. Enkelt til topps på Blåhøa i nysnø og skodde. 700 hm/2 t 17 min/ 9,7 km

2. Gammelseterhaugen. Elva Svøu såg veldig stor og utriveleg ut der den velta seg over kanten og ned mot Storvatnet ved Vangshaugen. Ei lita nøtt, var det muleg å krysse denne rundt Fremmervatnet? Gjekk langs Storvatnet og til elva for å sjekke vassmengda, den var enorm! Her var det bru, så då kryssa eg heller her nede på brua og fekk baske meg oppover lia utan sti. Gjekk nok litt for langt til høgre vekk frå elva, mykje vegetasjon. Kom opp på kanten og peila meg inn på toppen som eg fann i skodda utan større problem. Returen la eg lenger mot elva, der var det bedre å gå. 625 hm/2 t 15 min/ 9,1 km

3. Hælfjellet. Enkel tur på god sti. Parkerte på høgste punkt på parkeringslomme registrert her på sida. Einaste topp idag med sikt, bedring i versituasjonen. 385 hm/1 t 4 min/ 4,7 km

Surt på Blåhøa
Surt på Blåhøa
Surt på Gammelseterhaugen
Surt på Gammelseterhaugen
Ok på Hælfjellet
Ok på Hælfjellet

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by kobbenes 10.07.2015 23:49

    ein vert fort tyst av å tenke på fjellet

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.