Rindal: Byåsen (17.06.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Engli (350m)
Endpoint Engli (350m)
Characteristic Hike
Duration 0h 27min
Distance 2.5km
Vertical meters 80m
Map
Ascents Byåsen (422m) 17.06.2015
Trigpkt på Byåsen
Trigpkt på Byåsen

Ny info pr 10.05.16: Med bedre kart er det no ny høgde på Åsen lenger aust. Den har høgde 427. Skaret er aust for Langvatnet 321. Åsen er dermed ny pf 100 i M&R, primærfaktor 106 m.

Parkerte på Engli og gjekk veien oppover forbi nokre oksar som studerte meg nøye. Gjekk forbi dei dyrka markene og kom til ein vei som gjekk til venstre. Den er ikkje innteikna på kartet. Når eg kom opp til ei myr svinga den til venstre igjen, men her tok eg av og gjekk mot toppunktet. Ikkje vanskeleg å finne. Trigpkt som var festa til ei gran låg velta overende. Nokon hadde saga ned grana og heile sulamitten. Litt av eit påfunn. Retur samma vegen. Vurderte å sjekke ut punktet aust for Langvatnet med tanke på om denne kan være 100 meter. Droppa det når eg såg landbruksområdet der. Kva ville lokalbefolkninga tenke om ein tulling som gjekk der med GPS og rota. Korleis skulle eg forklare meg? Nei kjøyrde til neste topp, Jolifjellet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.