Kyrkja frå Leirvassbu (11.07.1992)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Kyrkja (2,032m) 11.07.1992
Visits of other PBEs Leirvassbu (1,410m) 11.07.1992

Sommartur med mor og far i Jotunheimen 1992, dag 0

Sommarturane med mor og far i Jotunheimen var årets høgdepunkt kvar gong, og denne rundt trekanten Leirvassbu-Skogadalsbøen-Olavsbu vart kanskje den aller finaste. Dette ikkje minst fordi me kom til begge dei sistnevnte hyttene for første gong og fordi – skal me sei – 2 ½ av dei 3 stiane var nye for oss.

Ettermiddagen me kom til Leirvassbu over Sognefjellet var det kanonver, og me kom fram til hytta såpass tidleg at eg like godt gav meg i kast med Kyrkja, og det aleine. Dette var eit smådristig stunt for meg, all den tid Kyrkja var første 2000m-topp aleine og berre den andre i det heile, og det var heile 5 år sidan me var på Galdhøpiggen ilag frå Juvasshytta. Men veret var jo optimalt, så det var knapt nokon reell risiko i det heile. Det var nok dei to som venta på meg på Leirvassbu som var mest nervøse, i alle fall for sikkerheten min.

Litt mat vart klemt ned, og så bar det iveg opp mot Høgvaglen med ein lettpakka sekk – far sin relativt nye anatomiske frå Karrimor. Over Høgvaglen var me ilag for 2 år sidan, men derifrå og til topps var det sjølvsagt nytt lende for meg. Det var mykje snø og Leirvatnet ennå delvis islagt no i første halvdel av juli, men det var óg eit godt tråkk over fennene bort til bandet på drygt 1750moh.

Spent før forsøket på å bestige Kyrkja aleine!
Spent før forsøket på å bestige Kyrkja aleine!
Leirvatnet er framleis islagt i første halvdel av juli
Leirvatnet er framleis islagt i første halvdel av juli
Heldigvis er den fine eggen stort sett snøfri
Heldigvis er den fine eggen stort sett snøfri

Den snaut 300 hm lange sørvendte eggen på Kyrkja var stort sett snøfri og berre ei fryd å følgja, og utsikten vart sjølvsagt betre og betre oppover. Ikkje minst var det flott å sjå austover mot kvasse Visbretinden og nabotoppane der. Knekken på eggen dei siste 50 hm var eg sjølvsagt spent på, men jammen løyste ikkje den utfordringa seg óg, relativt skjerma som den passasjen er. Og før eg visste ordet av det var eg sanneleg oppe, og kunne jubla for solobestigning av Kyrkja og dermed min andre 2000m-topp. Ikkje nok med det, men eg fekk vera aleine på toppen og retteleg nyta stunda og den eineståande utsikten frå ein såpass låg og lett tilgjengeleg topp i dette celebre landskapet.

Det bratnar til mot toppen
Det bratnar til mot toppen
Herleg å koma opp, og heilt alene på toppen!
Herleg å koma opp, og heilt alene på toppen!
Mot sekundærtoppen i nord og Kyrkjeglupen 600hm nedanfor. Galdhøpiggen og Store Bukkeholstind dominerer i bakgrunnen
Mot sekundærtoppen i nord og Kyrkjeglupen 600hm nedanfor. Galdhøpiggen og Store Bukkeholstind dominerer i bakgrunnen
Snørikt ved Rauddalsbandet der me har tenkt oss ned om nokre dagar
Snørikt ved Rauddalsbandet der me har tenkt oss ned om nokre dagar
Mot Leirvatnet med Leirvassbu og Smørstabbtindane
Mot Leirvatnet med Leirvassbu og Smørstabbtindane
Mot Gravdalen og Hurrungane bakerst. Gravdalstind og Store Rauddalstind dominerer elles
Mot Gravdalen og Hurrungane bakerst. Gravdalstind og Store Rauddalstind dominerer elles

Etter ein del fotografering gjekk nedturen effektivt og trygt, og så var det å møta mor og far og kosa seg med middagen som venta på Leirvassbu. For ein start dette vart på Jotunheim-turen vår!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.