Høgstolen (17.09.2014)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Høgstolen (1,741m) 17.09.2014

Frå Rv 63 ved Langdalen kjøyrte eg eit kort stykke mot Nedstestølen og sykla den siste km (for å slippe bompenger). Frå Nedstestølen gjekk eg oppover Berilldalen og opp på nordsida av fossefalla ned fra Heimste Berilldalsvatnet. Det er varda rås her og det ligger tau og kjettinger over nokon bratte sva, men uproblematisk på tort føre. Videre langs nordsida av vatnet forbi ei hytte og opp til austenden av Fremste Berilldalsvatnet der eg kryssa utløpsbekken og gjekk oppover i ei grusrenne til bretunga vest for 1538-punktet. Gjekk så langs bretunga på vestsida og gjekk så over breen mot 1538-punktet. Snøfri og nesten sprekkfri bre med ru overflate og ikkje brattere enn at det var greit å gå uten stegjern. Frå 1538 er det brefri rygg heilt opp til toppen av Høgstolen. Det er to master på toppen som muligens er noko overvakingsutstyr. Gjekk ned igjen same vegen som opp. Brukte 10t, korav 8t gangtid i eit praktfullt haustver.

Bru over elva ved Nedstestølen.
Bru over elva ved Nedstestølen.
Mindre bru over elva lenger oppe i Berilldalen.
Mindre bru over elva lenger oppe i Berilldalen.
Austenden av Heimste Berilldalsvatnet.
Austenden av Heimste Berilldalsvatnet.
Litt av brefallet nord for Høgstolen
Litt av brefallet nord for Høgstolen
På veg opp den bratte steinura nord for Høgstolen med Fremste Berilldalsvatnet under.
På veg opp den bratte steinura nord for Høgstolen med Fremste Berilldalsvatnet under.
Gjølbottstinden på nordsida av Berilldalskoppen.
Gjølbottstinden på nordsida av Berilldalskoppen.
Bretunga vest for punkt 1538 t.v.
Bretunga vest for punkt 1538 t.v.
Den isfrie ryggen mellom punkt 1538 og Høgstolen.
Den isfrie ryggen mellom punkt 1538 og Høgstolen.
Vestover frå den siste oppstigninga til Høgstolen.
Vestover frå den siste oppstigninga til Høgstolen.
Fleire varder og noko overvakingsutstyr på toppen.
Fleire varder og noko overvakingsutstyr på toppen.
Litt oppsprukket bre på nordsida.
Litt oppsprukket bre på nordsida.
Austover.
Austover.
Søraustover.
Søraustover.
Sørover.
Sørover.
Teknisk installasjon på toppen.
Teknisk installasjon på toppen.
Ned igjen på nordsida og gjekk mellom Fremste og Heimste Berilldalsvatna.
Ned igjen på nordsida og gjekk mellom Fremste og Heimste Berilldalsvatna.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.