Ulskebjørnen (15.11.2018)
Ascents | Ulskebjørnen (446m) | 15.11.2018 16:01 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Stallane (207m) | 15.11.2018 15:31 |
Hadde store planer for dagen der eg skulle bedre posisjonen min på pf100 Bergen lista.
Fyst berre ein køyretur heimanfrå og ein tur innom xxl. Ikkje kom eg på at det berre var litt over eit par timar med dagslys igjen når eg hadde fått skoa på. Etter ei stund, i bra tempo gjekk ikkje stien i same retning som Rundemannen. Eg sjekka og fann ut at eg var på ville vegar. Snu er alltid problematisk, så eg studerte nærområdet og fann både ein bpe og ei grønn nål. Tru om der går ein sti der??
Det gjorde det. Ein fin og bratt sti var der.Fin utsikt også.
Stor varde på toppen av Ulskebjørnen, sjølv om pfen ikkje er veldig imponerande.
Såg bort på det eg trudde var Vikinghytta.
Tok ein snarveg dit sidan vinden tok tak i meg, droppa sti. Ikkje så langt vidare til Rundemannen med Ulriken bak.
Hadde ingen bekymring for klokka før min bror ringte og lurte på kor eg var sidan det ikkje er så lenge til det blir mørkt. Eg sjekka kor eg var og det var ikkje ved Vikinghytta, men hytta på Dyrhøgda rett oppafor skaret. Ikkje langt igjen!! Men rett etter samtalen mørkna det sjølvsagt fort og eg bestemte meg for å gå nedatt til bilen. Siste biten i stummande mørke. Gjekk ikkje heilt etter planen idag. Ein fin tur vart det, sjølv om det vart ein dag utan ei einaste pf100 topp. ;)
User comments