Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (2)
-
Other trip (20)
- Hunt (20)
-
Other winter trip (1)
- Snowshoe trip (1)
- Ski trip (167)
- Trip by foot (189)
Peakbook-Friends
Collected lists
Favourite peaks
Storebræa
- Date:
- 21.01.2018
- Characteristic:
- Ski trip
- Duration:
- 6:00h
- Distance:
- 20.0km
Med strålande vèrmelding for dagen, hadde eg Bræa i tankane, men føret var tungt med laus snø og ingen løype så turen innover vart slitsam. Oppe i Bræadalen gjorde eg nokre vurderingar. Med det lause føret, hadde eg bestemt meg for at eg ville gå i same løypa attende, då kunne eg vurdere ein rundtur oppå Bræa og koma nedatt i Bræadalen. Eg vurderte nøye snøforholda der eg hadde tenkt å løype ned, så gjekk eg opp Bræadalen og opp på Bræa frå nordsida. Her var det lite snø oppå steinane, så det var like greit å ikkje løype ned att her, sjølv om eg ikkje hadde noko formeining om at det var betre andre stader. Frå toppen løypte eg Bræa på langs og ned att i Bræadalen. Skia fekk nok nærkontakt med nokre steinar, men ikkje meir enn ein må rekne med.