Reineskarvet februar 1999 (07.02.1999)
Ascents | Sørvest for Skoddenose (1,729m) | 07.02.1999 |
---|
Etter ei veke med utprega uvêr, var det endeleg duka for finvêr og skiføre ein bare kan drøyme om i påska. Etter å ha gått opp Breadalen laurdagen, var turen kome til skarvet. Uvêret som hadde vore, var av det slaget som drog med seg mildvêr og sludd. Snøen dekte derfor alt som vendte vestover. Mildvêret var reist vidare med uvêret, og etterlate fjellet med mange kuldegrader. Dette gjorde at snøen var hard som is, så turen frå Randan til Fiskeløkhovda gjekk raskt med delvis skøytestil.
Heimafor Fiskeløkhovda byrja det å stige til vêrs så no tok eg fram smurningen og kladda ordentleg under. Skal ein gå på skarvet, er det ingenting som heiter for godt feste.
Vestavêret hadde gjort at bakkane her austanfor skarvet var dekka av eit fint lag trå drevsnø. Trå snø er ikkje moro på flatmark og nedoverbakkar, der det kunna gå lett på fint føre, men i motbakkane er det fint når ein kan gå rett opp. Frå å vera vindstille og omlag -10°C lenger heim, var det ein sur vind og nokre grader kaldare då eg kom opp i mot toppen. På toppen var det så surt at eg fekk bekrefta mistanken om at nista helst skal etast heime.
I staden for å løype ned att på den tråe snøen eg gjekk opp på, tok eg turen i mot Hestebotn og ned ved Skarvanstølen. No fekk eg løypt litt på den harde isen, slik at smurningen og all motstand raskt vart borte. -15°C, motvind og stor fart, gjorde at eg måtte stoppe opp fleire gonger og varme meg i andletet. Då eg endeleg kunne snu meg austover, var eg
sjølvsagt kome så lågt at vinden ikkje tok tak meir.
Då eg heldt høgda utover over kroken, vart eg var noko uregelmessigheiter i snøen akkurat der åne flatar ut att nede i juvet. Dette vart eg litt nysgjerrig på kva var for noko, så eg slapp meg ned for å undersøkje. Reinspor, sjølvsagt var det reinspor. Etter uvêret som
hadde vore dagane i forvegen, kunne eg fastslå at desse spora var høgst halvannan døgn gamle. Det var meir spor utover i botn, men eg kunne ikkje få auga på rein. Det skulle seinare vise seg å gå omlag to månader før det vart sett rein eller spor etter rein på denne sida av skarvet.
User comments